«Kompetanse for framtida»

Spørsmål og svar PPU

Spørsmål og svar om PPU

1. PPU- allmennfag, yrkesfag eller begge - kva variant skal eg velje?

I utgangspunktet er det utdanninga/fagbakgrunnen som avgjer kva variant på PPU ein er kvalifisert til og skal søkje på. Berre i få tilfelle er søkjarar kvalifiserte til både allmennfag og yrkesfag.

2. forskjellen på PPU allmennfag og yrkesfag

Søkjarar med allmennfagleg kompetanse har utdanning i eitt eller fleire av faga framandspråk, samfunnsfag (samfunnskunnskap, historie og geografi), norsk, musikk,  religion, livssyn og etikk (RLE), naturfag, matematikk, kroppsøving/idrett, drama, mediefag og kunst og handverk. PPU yrkesfag er aktuelt for dei med fullført treårig profesjonsretta høgre utdanning (t.d. sjukepleiar, sivilingeniør, siviløkonom, elektroingeniør, bygningsingeniør) og minst to års relevant praksis etter fullført utdanning. Eller dei som har fagbrev eller anna fullfør treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, t.d. elektrofag eller teknikk og industriell produksjon. Det krevst generell studiekompetanse, to-års yrkesteoretisk utdanning og minst fire års relevant praksis.  Herav inntil to års læretid vert rekna som del av relevant praksis.

3. SAKSBEHANDLINGSTID
Kva tid kan eg vente å få svar på PPU-søknaden min?

Under føresetnad av at all nødvendig dokumentasjon er sendt inn, kan dei som får opptak, vente svar på PPU-søknaden i siste halvdel av juni. Dei som ikkje når opp i konkurransen om plass eller ikkje er kvalifisert, får svar seinare i juli.
Følg også med i Søknadsweb over statusen på din søknad.

4. STUDIEPOENG
Eg har teke 165 studiepoeng. Kan eg søkje no og ta resten av studiet når eg har fått opptak på PPU?

Nei, ein må ha fullført 180 studiepoeng og ha godkjende fag for å kome inn på PPU allmennfag.

5. sTUDIEPOENG ii
Kor mange studiepoeng må eg ha i faga for å bli kvalifisert til opptak på PPU allmennfag?

Har ein to relevante fag, må ein minst ha 60 studiepoeng i kvart fag. Har ein eitt fag, må ein ha minst 90 studiepoeng, og av dette må minimum 30 studiepoeng vere som fordjuping, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Å ha to undervisningsfag kan også vere lurt då det gjerne gir fleire undervisningstimar. I konkurranse om studieplass vert også søkjarane prioriterte etter lengda på utdanninga og talet på studiepoeng. Jf. § 16 i forskrifta som nemnd ovanfor.

6. NY RAMMEPLAN FOR PPU

Allmennfag
Kunnskapsdepartementet fastsatte den 21. desember 2015 ny rammeplan om praktisk pedagogisk utdanning (PPU allmennfag). Les meir her.


For å bli tatt opp til praktisk-pedagogisk utdanning allmennfag frå og med studieåret 2019 må søker ha, jf § 6 i Forskrift om rammeplan:

- ein mastergrad som inneheld minst eit relevant fag som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til Opplæringslova kapittel 14.
- ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget* eller
- ein bachelorgrad i idrettsfag med minimum 180 studiepoeng i faget*.

Her kan du lese Forskrift om rammeplan for PPU allmennfag.
* Vi presiserer at ein bachelorgrad i idrett og friluftsliv, utøvande eller skapande kunstfag som musikk/kunst og handverk- må vere ein rein bachelorgrad i faget.
Studium/emner i andre fag vil normalt ikkje kunne telle med i denne bachelorgraden.

For opptak til PPU allmennfag hausten 2017-18 gjeld dagens krav, jf. pkt. 5.

Yrkesfag
Frå hausten 2014 gjeld ny rammeplan for eit-årig PPU yrkesfag 8-13.
Den set krav om fire års relevant praksis for dei med fag/svennebrev eller annan fullført tre-årig yrkesutdanning ( herav to års læretid vert rekna med som relevant praksis).
For dei med fullført tre-årig relevant profesjonsutdanning er det krav om to års relevant praksis, som før.

7. DOKUMENTASJON
Eg har teke alle faga ved Høgskulen i Volda. Må eg likevel sende inn dokumentasjonen?

Nei, vi tek karakterutskrift, og du treng ikkje sende inn noko dokumentasjon.
Men det er greitt at du gjer greie for utdanninga di ved Høgskulen i Volda.

8. MASTERGRAD
Eg har fullført ein mastergrad. Er eg då kvalifisert til opptak på PPU?

Det er avhengig av kva du har mastergrad i. For opptak til PPU allmennfag må du ha mastergrad i eitt av dei allmenne undervisningsfaga. Jf. pkt. 2. I praksis vil ein med mastergrad ofte ha to allmennfag som undervisningsfag, som ein kan velje å ta fagdidaktikk i

9. fAGBREV
Eg har fagbrev og lang relevant yrkespraksis. Må eg i tillegg ha yrkesteoretisk utdanning for å få opptak?

Ja, to årig yrkesteoretisk utdanning er eit tilleggskrav for dei med yrkesutdanning på vidaregåande nivå. Teknisk fagskule, relevant vidareutdanning på høgre nivå eller anna høgre utdanning kan godkjennast som yrkesteoretisk utdanning. I ny rammeplan for PPU yrkesfag, som no gjeld frå hausten 2014- er dette presisert i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13.

10. fAGBREV ii
Eg har fagbrev med lang relevant yrkespraksis og yrkesteoretisk utdanning, men har ikkje generell studiekompetanse. Er eg likevel kvalifisert for opptak til PPU?

Lang relevant yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan kompensere for kravet om generell studiekompetanse. Jf. vurdering av realkompetanse.

11. FRITAK
Eg har lang praksis som ufaglært lærar. Kan eg få fritak for nokon av faga i PPU-studiet?

Nei, alle følgjer same opplegget og må ta faga som ligg i studieplanen., med mindre ein har fått tidlegare utdanning innpassa.  Dette må det søkjast spesielt om etter at ein har fått opptak og takka ja.

12. UNDERVISNINGSKOMPETANSE
Når eg har teke PPU, vil eg då få undervisningskompetanse i fag eg studerer etter at eg er ferdig med PPU?

PPU er den største lærarutdanninga vi har i Norge, og du vil automatisk få undervisningskompetanse i fag du tek etter PPU med føresetnad om at du fyller fagkrava. Jf. Forskrift til opplæringslova § 14.

13. BARNESKULEN
Kan eg arbeide i barneskulen med PPU?

PPU-utdanning byggjer på studium i fag eller på ei yrkesutdanning med praksis og yrkesteori og kvalifiserer til arbeid på mellomsteget (frå 5.kl.) og ungdomssteget i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i vaksenopplæringa.

14. SJUKEPLEIAR
Kan eg vere kvalifisert til PPU som sjukepleiar med lang relevant praksis?

Sjukepleiarutdanninga og minst to år med relevant praksis kvalifiserer til opptak. Men sjukepleiarar som har teke vidareutdanning, går framfor i rangeringa om studieplass.

15. KVALIFISERT?
Eg har 75 stp. i naturfag og 50 stp. i engelsk, til saman 195 stp. Er eg kvalifisert til opptak på PPU allmennfag?

Nei, du må anten ta meir engelsk (+10 stp.) eller byggje på med 15 stp. i naturfag, der minst 30 stp. i naturfag er på fordjupingsnivå, jf. pkt. 5.

16. STUDIEAVGIFT
Eg tek til på PPU deltid til hausten og lurer på når eg må betale studieavgifta og kor mykje.

Studieavgifta vert fakturert pr. semester. Ein slepp å betale alt på ein gong, men får det spreidd utover semestera. Det er berre PPU deltid som har studieavgift, og prisen er oppgitt i studiekatalogen på nett.

17. SAMLINGAR
Når er samlingane på PPU deltid?

Oversikt over samlingane vert send ut saman med tilbodsbrevet midt i juni. Generelt kan ein seie at samlingane er torsdag og fredag ein gong i månaden. Første samlinga er i august, og då er samlinga over tre dagar, onsdag, torsdag og fredag. Det er møteplikt til undervisninga og samlingane.

18. VEKTTALL
Eg har ei eldre utdanning oppgitt i vekttal. Korleis reknar eg dette om til studiepoeng?

Du reknar om vekttal til studiepoeng med å gonge med tre.  60 vekttal = 180 studiepoeng.

19. UTLANDET
Delar av utdanninga mi er tatt i utlandet. Kan eg bruke dette i opptaksgrunnlaget?

Ja, heilt eller delvis kan du bruke utanlandsk utdanning i opptaksgrunnlaget til PPU. Det er opp til Høgskulen i Volda å vurdere kva som er relevant å ta med.
NOKUT: Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, godkjenner og informerer om utanlandsk utdanning og kompetanse.  Du kan lese meir om dette på NOKUT sine sider: Landdatabasen - GSU-lista og språkkrava som utanlandske søkere må oppfylle for å studere i Norge, Jf. også her GSU-lista. Meir om språkkrava på Samordna opptak
Merk, NOKUT godkjenner omfang/nivå på utdanninga frå utlandet, og ikkje den fagspesifikke utdanninga t.d. lærarutdanninga.

20. UTANLANDSK
Eg har spansk som morsmål, men har ikkje studert dette på universitets nivå. Kan eg søke om fagdidaktikk i spansk?

Nei, kravet til å ha studert faget på høgskule eller universitetsnivå er absolutt.

21. REALKOMPETANSE
Kan eg søkje om opptak på PPU på grunnlag av realkompetansen min?

I utgangspunktet kan ein søke på alle studium ved Høgskulen i Volda med grunnlag i eigen realkompetanse. Men fullført PPU gir lærarkompetanse, og då veg formalkompetansen i opptaksgrunnlaget tungt. Meir om dette i Retningslinjer for realkompetansevurdering.

22. OPPSTARTSTID
Er det oppstart på PPU berre om hausten?

Ja, og søknadsfristen er 15. april. Vi tek ikkje opp studentar om våren.

23. KONKURRANSE
Kor vanskeleg er det å få plass på PPU-studiet?

Siste åra har vi hatt stor søking på PPU studia, noko som gjer at ikkje alle har fått studieplass. Likevel, då alle faga har kvotar, kan fagbakgrunn i opptaksgrunnlaget avgjere om du får plass eller ikkje.

24. PRAKSIS
Eg er no tilsett på ein skule. Kan eg få ha praksis på min eigen skule?

I utgangspunktet er det praksis på ny skule. Dette kjem fram i tilbodsbrevet. Du kan få inntil 50 % av praksisen på eigen skule, men då ikkje i eiga klasse. Vi kjem også tilbake med meir informasjon om dette når studiet tek til.

25. pRAKSIS ii
Kor mange veker praksis er det på PPU-studiet?

På PPU heiltid er det 6 veker praksis om hausten og våren, tilsaman 12 veker (60 dagar). PPU deltid har 6 veker praksis kvart studieår fordelt på haust og vår, til saman 12 veker (60 dagar) praksis over to år. Meir informasjon om praksis vert gitt første undervisningsdagen.

26. LÆRARVIKAR
Eg har ei lærarstilling i ein kommune. Er eg garantert plass på PPU når eg er lærarvikar?

Nei, du må kvalifisere deg på same måten som andre, med fag og nok studiepoeng (minst 180 stp.). Merk at søkjarar med tilsetting i skulen på vilkår om PPU kan bli prioritert ved opptak.

27. LÆRARVIKAR ii
No arbeider eg som lærar og underviser i norsk og samfunnsfag. Er dette mogleg å kombinere med PPU deltid?

PPU deltid er lagt opp slik at det greitt skal kunne kombinerast med deltidsjobb. Ein fleksibel arbeidsgivar og ein god dose sjølvdisiplin er avgjerande for at ein gjennomfører arbeidskrav og deltek på studiesamlingane som har møteplikt.

28. STUDIESTART
Eg har no fått tilbod om plass. Kan eg søkje om utsett studiestart?

Ja, dette kan det søkjast om. Langvarig sjukdom, graviditet og militærteneste gir grunnlag for permisjon/utsett studiestart.

29. FRILUFTSLIV
Bachelor i friluftsliv Kan eg søkje og få opptak på PPU med grunnlag i bachelorgraden min i friluftsliv?                                                                                    

 Nei, friluftsliv er ikkje noko allmennfagleg undervisningsfag, jf. pkt. 2 og 5.                                    

30. Innpassing
Eg har teke noko pedagogikk og litt didaktikk tidlegare frå ein annan høgskule. Kan eg vente å få dette innpassa i PPU utdanninga mi?

Det er vanskeleg å seie. Dette må vi komme tilbake til når du har fått tilbod om plass og takka ja. Søknad om innpassing vert avgjort av fagmiljøet, og det må søkjast med eige innpassingsskjema

31. Drama
Eg er svært interessert i dans og drama og har ein fri bachelor med hovudvekt på drama og dans. Kan eg få opptak på PPU?

Kanskje, men drama er eit lite fag med få søkjarar og går ikkje kvart år som fagdidaktikk-emne. Dans er ikkje noko undervisningsfag i grunnskulen og tel difor ikkje. Det kan vere lurt å byggje på med eit fag til, t.d. norsk eller samfunnsfag.

32. sKIKKETHETSVURDERING
Kva er "skikketshetsvurdering"?

Høgskulen i Volda skal vurdere om ein student er skikka for læraryrket, Jf. UHL § 4-10

33. POLITIATTEST
Eg har høyrt at eg må levere politiattest når eg tek til på PPU-studiet. Stemmer det?

Det stemmer. Alle studentar på PPU (og andre lærarutdanningar) må levere gyldig (ikkje eldre enn tre månader) politiattest ved studiestart. Det står meir om dette i tilbodsbrevet du får frå høgskulen, Jf.Kap. 6 i Forskrift om opptak til høyere utdanning.

34. For meir informasjon om PPU, sjå avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.