«Kunnskap for framtida»

Utdanningsdagar for vidaregåande skular

Les meir om utdanningsdagane 2017

Partnarskap for utdannings og yrkesrettleiing

Høgskulen i Volda (HVO) har i samarbeid med Møre og Romsdal fylke, dei vidaregåande skulane og grunnskulane på Søre Sunnmøre oppretta eit partnarskap for utdannings- og yrkesrettleiing. Samarbeidet har sitt utspring i det såkalla Karriereprosjektet initiert av Møre og Romsdal fylke. Her har sentrale målsettingar vore å hjelpe elevane i grunnskulen til å ta meir medvitne val med omsyn til utdanning og karriere. HVO og interessentane i partnarskapen har dei to siste åra arrangert Karrieredagar i Volda for denne målgruppa.

Utdanningsdagane for elevar i vidaregåande skule

Høgskulen i Volda tilbyr elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane å få vere studentar for ein dag. Kvar elev får sjølv velje dei fagområda dei vil sjå nærare på. 

Ein treng ikkje reise ut av fylket for å gjere karriere

Under Utdanninsdagane står høgre utdanning og framtidige karrierevegar i fokus. Målet er at elevane vert orienterte om utdanningstilbod og moglegheiter her i fylket. Vi ønskjer at elevane vert betre budd til utdanningsval. Med eit slikt tiltak vonar høgskulane også å bidra til mindre fråflytting frå regionen, og at fleire ungdomar vel å bli i Møre og Romsdal, både under utdanning og seinare i arbeidslivet.

Vi treng ungdom i Møre og Romsdal

– Ein kan utdanne seg til nesten det ein vil i vårt eige fylke, og dette vil vi informere om, kommenterer rektor ved Høgskulen i Volda.

Vi vil hjelpe elevane med å gjere dei rette vala, og gje god informasjon om dei moglegheitene dei har. Overgangen frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning er ofte lettare i distrikta enn på dei store universiteta i byane.

Både samfunn og regionalt næringsliv har eit aukande behov for arbeidskraft innanfor dei utdanningane høgskulane tilbyr, både på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.



Kontaktperson for utdanningsdagane

Torill Engeseth, prosjektleiar,
E: torill.engeseth@hivolda.no , M: 458 06 705