«Kompetanse for framtida»

Karrieredagane gjer det mogleg for vidaregåande skular, opplæringskontor, høgskular og arbeidsliv i privat og offentleg sektor å vise seg fram til årets 10-klassingar. Intensjonen er at elevane skal få oppleving og smakebitar av utdannings- og yrkesvegar i fylket.

På Søre Sunnmøre koordinerer Høgskulen i Volda prosjektet. Invitasjon til årets Karrieredagar vart sendt til grunnskulane frå Fylket, som har ansvar for påmeldingane.

TRansport

Det vert sørga for busstransport til og frå høgskulen.

GRUppeinndeling - OVersikt til skulane

NB! Det er viktig at elevane veit kva grupper dei skal vere på før dei kjem til Volda.

Kvar skule har ansvaret for elevane sine gjennom heile arrangementet. Vi ber difor om at lærarar/rådgjevarar følgjer elevane rundt på dei ulike postane.

Logistikk-/tidsplan

  • 9.00 - 9.20: Elevar og lærarar møter i kantine-området i Berte Kanutte-huset
  • 9.20 - 9.35: Velkomst og gruppeoppstilling  (det er viktig at elevane veit kva grupper dei skal vere på før dei kjem til Volda)
  • 9.35 - 9.52: Første presentasjon
    • For ytterlegare detaljar om tidsplan, sjå under.

Detaljert tidsplan over dagen, for kvar gruppe:

Gruppe 1 (pdf)   Gruppe 9 (pdf)
Gruppe 2 (pdf)   Gruppe 10 (pdf)
Gruppe 3 (pdf)   Gruppe 11 (pdf)
Gruppe 4 (pdf)   Gruppe 12 (pdf)
Gruppe 5 (pdf)   Gruppe 13 (pdf)
Gruppe 6 (pdf)   Gruppe 14 (pdf)
Gruppe 7 (pdf)   Gruppe 15 (pdf)
Gruppe 8 (pdf)   Gruppe 16 (pdf)

Lunsj

  • Lunsj begge dagar kl 12.00 - 12.30.
  • Det vert spandert lunsj på alle elevar og guidar, matpakken kan ligge att heime.
  • Det vil også vere eit alternativ for dei med gluten- og/eller laktoseallergi.

Kart

Sjå oversikt i Voldahallen Sjå oversikt over campus
vh_l.jpg

Finn fram ved hjelp av Mazemap

vegen vidare

I samband med Karrieredagan i Volda, kjem det ut eit eige karrieremagasin. Magasinet blir distribuert i eige opplag til deltakarskulene, og ut i postkassene til alle på Søre Sunnmøre.


Karriereavisa 2015
Karriereavisa 2014
Karriereavisa 2013

Partnarskapsgruppa for Søre Sunnmøre

Gruppa har desse medlemane:

  • Jan Thormodsæter (Maritim forening Søre Sunnmøre)
  • Anne Mari Pilskog (Opplæringskontoret i Hareid)
  • Terje Vilnes (Opplæringskontoret for elektrofag)
  • Heidi Åmbakk (Ørsta ungdomsskule)
  • Ann Turid Andersen Egset (Ørsta vidaregåande skule)
  • Liv Ose (Ulstein vidaregåande skule)
  • Randi Kalland (Volda vidaregåande skule) 
  • Hege Nedreberg Vestavik (Herøy vidaregåande skule)
  • Ove Krumsvik (Volda ungdomsskule)
  • Torill Engeseth (Høgskulen i Volda og koordinator for Karrieredagarane Søre Sunnmøre). 

This SlideShowPro photo gallery requires the Flash Player plugin and a web browser with JavaScript enabled.