«Kunnskap for framtida»

Karrieredagane 2012

Karrieredagane er eit arrangement for 10.-klasse i grunnskulen. Arrangementet er resultatet av eit gjensidig partnarskap, der mange aktørar skal bidra med ressursar for å gi 10.-klassingane høve til å få informasjon om tilgjengelege utdanningar og oppleve yrke i vår region. Arrangementet på Søre Sunnmøre går over to dagar i september.

Les: Karriereavisa 2012.

Utdanningsval

Det sentrale utgangspunktet er skulefaget «Utdanningsval» og målsettinga er å vise ulike samanhengar mellom yrkesval og utdanning. Postane vil difor vere samansette av vidaregåande utdanningsprogram, opplæringskontor og representantar frå yrkeslivet. Det er også lagt opp til at elevane skal få prøve ulike yrkesaktivitetar. Maritime næringar er ei stor og viktig næringsgruppe på Søre Sunnmøre. Maritim forening (Mafoss) vil difor vise breidda i yrkesretningar innanfor denne verksemda. Høgskulane i Volda, Ålesund og Molde vil vere samla i eit felles område, for å gi elevane eit oversiktleg bilete av tilgjengelege høgskuleutdanningar i Møre og Romsdal. Karrieredagane i Volda er lokaliserte til høgskulen sine lokale og Voldahallen.

Avis

I samband med Karrieredagane på Søre Sunnmøre, er det produsert ei eiga utdannings- og yrkesavis. Eit godt samarbeid med Regionavisa har gjort dette mogleg. Det blir tilsett eigen journalist som intervjuar elevar, studentar og yrkesutøvarar innanfor ulike næringar i vår region. På denne måten ønskjer vi å gi elevane ferske bilete av reelle utdannings- og yrkesval.

Arrangementet er initiert av Møre og Romsdal fylke. Høgskulen i Volda, ved Torill Engeseth, er regionkoordinator for Karrieredagane.

Det er ei prosjektgruppe med representantar frå involverte aktørar, som i fellesskap har ansvar for innhald og gjennomføring av arrangementet.