«Kunnskap for framtida»

Travelt og kjekt som IT-mann

22 år gamle Jonas Skaare Fossheim frå Austefjord har ein travel dag i ryggen. Det er oppstartsveke på Høgskulen i Volda, og i dag har han hasta rundt for å hjelpe elevar og tilsette ved høgskulen.


På denne tida av året er det ekstra mykje arbeid for Jonas og kollegaene. Nye studentmaskiner må på plass. Nye datamaskiner til dei tilsette skal ordnast. Nokre maskiner må skiftast ut. Men, Jonas let seg ikkje stresse. Han syns berre det er kjekt. – Eg kunne ikkje fått ein betre lærlingplass enn Høgskulen i Volda, seier han.

Ein sosial kvardag

Tida framover vert hektisk. I tillegg til det ekstra arbeidet oppstartsveka fører med seg, tek Jonas i mot studentar og tilsette som kjem innom kontoret for å få hjelp til alle slags typar datatrøbbel. – Arbeidsdagen min er variert, og eg får treffe mange kjekke tilsette og studentar, fortel han. Jonas set pris på den sosiale biten av arbeidet på høgskulen. Han kunne ikkje tenkt seg å sitte låst framfor sin eigen PC heile dagen.

INNFRIR TIL FORVENTNINGANE

Den unge austefjordingen er den første lærlingen Høgskulen i Volda nokon sinne har tatt inn. Han føler seg heldig som fekk denne sjansen, og gjekk ikkje inn i arbeidet heilt utan forventningar. – Eg hadde som mål å få lov til å sette opp arbeidsdagen min slik eg sjølv ville og klare å løyse alle arbeidsoppgåvene sjølv, fortel han. Noko han faktisk gjer, godt og vel eit år ut i lærlingetida. Men utlært, det er han ikkje. – Det siste året skal eg få innsikt i serverar og litt meir teknisk arbeid.

LÆREPLANEN = HEILAG

Jonas følgjer ein læreplan for å få gjort alt IKT-Servicefaget, Vg3 Bedrift krev før fagprøva. To- til tre timar i veka set han av til å lese gjennom måla og skrive ned korleis han sjølv meiner han har gjennomført  dei ulike læringsmåla.– Sjå her, eg fekk akkurat godkjent eit punkt på læreplanen! Jonas viser fram signaturen til lærlingskoordinatoren sin. Punktet han akkurat har fått godkjent gjeld kommunikasjon på både norsk og engelsk med leiing, brukarar, leverandørar og fagpersonell. No kan han gå vidare til punktet om feilsøking ved brukar- og driftsproblem.

– VEL MED HJARTET

Jonas visste ikkje at han skulle ende opp som IT-lærling då han skulle velje studieretning på vidaregåande.– Eg valte Service og samferdsel fordi alle kompisane mine gjorde det, eg. De tville eg nok ikkje gjort i dag, men heldigvis var ikkje dørene lukka for meg fordi om eg ikkje gjekk IT på vidaregåande. Likevel oppfordrar han tiandeklassingar til å velje med hjartet, ikkje utifrå det vennane skal.– Men hugs at det ikkje er krise om du føler at du har valt feil, legg han til. – Eg føler i alle fall at eg får brukt mykje av det eg lærte på Service og samferdsel i denne bransjen også.

TEKST OG FOTO: MARIEKE MULDERS




Sjå heile avisa for Karrieredagane 2011