«Kunnskap for framtida»

Karrieredagane 2010

Elevar får prøve ut logistikkplanlegging under veiledning av studentar ved Høgskolen i Molde.


Karrieredagane for 10. klasse i grunnskulen på Søre Sunnmøre vert arrangert på Høgskulen i Volda og i Voldahallen 22. - 23. september. Ca 650 elevar vil besøke Karrieredagane 2010 for å få ein smakebit av utdannings- og yrkesvegar i Møre og Romsdal.

Utgangspunktet for Karrieredagane er at eleven sitt val skal vere i sentrum, og årets arrangement er  resultatet av eit nært og godt samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke, dei vidaregåande skulane i regionen og Høgskulen i Volda. 

Karrieredagane vil ha to hovudlokasjonar. I Voldahallen vil elevane finne dei yrkesfaglege studieretningane og lære meir om ulike fagutdanningar. Det er lagt opp til at elevane skal få prøve ut praktiske aktivitetar i høve ulike yrke.

Den andre lokasjonen er Høgskulen i Volda sitt campusområde. Her vil elevane få ein smakebit av høgare utdanning i Møre og Romsdal, og yrkesvegar i tilknyting til desse. Også her vil praktisk aktivitet stå i sentrum.