«Kunnskap for framtida»

Karrieredagane 2009

Frå og med tysdag vert det arrangert Yrkes- og karrieredagar på Høgskulen i Volda og i Herøyhallen. Alle elevar i 10. klasse og i dei vidaregåande skulane i kommunane i den såkalla Sjustjerna er inviterte. Totalt ventar ein at ca 2000 elevar vil besøke dei to lokasjonane i perioda 10., 11. og 12. november.

Bak Yrkes- og karrieredagane i Volda og Herøy står  Møre og Romsdal fylke, kommunane på Sunnmøre (Sjustjerna) med sine grunnskular og vidaregåande skular, Yrkesmessa for Søre Sunnmøre i samarbeid med Møre og Romsdal fylke, dei tre høgskulane i fylket, næringslivet representert ved Maritim forening og fiskerinæringa, kommunale opplæringskontor m. fl.

For elevane i grunnskulen går Karrieredagane inn i faget Utdanningsval der målet er at elevane skal få innsyn i utdanning og yrke på ein aktiv måte. Høgskulen i Volda skal i første rekke presentere ei rekkje spanande bachelor-  og profesjonsutdanningar.

Karriereklatring

Kva er Karrieredagane?

Fylket sitt mål er å gi elevane i grunnskulen eit levande bilde av arbeids- og utdanningstilbod og motivere til å byrje å tenkje på eiga framtid, yrkesval og utdanningsveg. Eit viktig mål er også at flest mogeleg av elevane skal fullføre den vidaregåande utdanninga dei har teke til på. Ein viktig føresetnad her er at eleven tek rettare fagval i utdanningsløpet.

 

Sjå live video frå Karrieredagane i Volda.


Program

Elevane vil få innblikk i ulike utdanningsvegar og yrke. Alle fagmiljø ved Høgskulen i Volda, høgskulane i Molde og Ålesund og vidaregåande skular vil ta del i karrieredagane. Elevane blir delt inn i seks grupper som blir guida rundt på fem lokasjonar (fordelt på tre bygg) på campus. Sjå pdf.PDF

 

Bussane set elevane av ved Volda vidaregåande skule, like ved Idrettsbygget til Høgskulen i Volda.

 

Kart over Volda og høgskuleområdetPDF

 

Idrettsbygget:
Ulike utdanningsløp og yrke innafor logistikk, økonomi, helsefag, biologi, ingeniør m.m.

  • Høgskolen i Molde
  • Høgskolen i Ålesund
  • Vidaregåande skular vil gi informasjon og rettleiing om ulike utdanningsløp/fagbrev 
  • Informasjons- og rettleiingspost der elevane kan få svar på det meste innafor opptak og studieløp.
  • Matservering: Det vil bli delt ut matpakkar, som er laga av Ørsta vidaregåande skule. Elevane vil sjølve dele ut matpakkane.

Kaarstad-huset, avdeling for kulturfag


Her vil elevane få innblikk i utdanningsløp og ta del i ulike aktivitetar innafor kunstfag, idrett og friluftsliv.

  • Bachelorgrader i kunst- og handverk,  drama,  musikk, idrett- og friluftsliv og design.

 Berte Kanutte-huset:

  • Allmenn- og førskulelærarar gir ein smakebit frå læraryrket  
    • Førskulelærarutdanning, Allmennlærarutdanning
  • Utdanningar- og karrierevegar innafor sosialfaga,
    • Barnevern -og sosionomutdanning
  •  Utdanningar- og karrierevegar innafor planlegging og leiing
    • Bachelor i planlegging- og administrasjon

 Aasen-huset

  • Utdanningar- og karrierevegar innafor mediefag,

Informasjonsstudentar ved høgskulen viser fram ulike prosjekt dei nyleg har hatt i samarbeid med maritim næring på Sunnmøre.


 Vi ønskjer alle elevar og lærarar velkomne til karrieredagar ved Høgskulen i Volda.

 


Kontaktpersonar Karrieredagane ved Høgskulen i Volda

Prosjektleiar Torill Engeseth. T: 70 07 50 90. E-post: te@hivolda.no

Ansvarleg logistikk Eirik Bech. T: 70 07 53 18. E-post: eirikb@hivolda.no



Bachelor- og profesjonsutdanningar ved Høgskulen i Volda:

  • Animasjonsutdanning
  • Drama/teater
  • Førskolelærarutdanning
  • Historie, kultur og samfunn
  • Idrett og friluftsliv
  • Informasjon og media
  • Journalistikk
  • Kunst og handverk
  • Lærarutdanning
  • Media, IKT og design
  • Musikk
  • Planlegging og leiing
  • Sosionom og barnevernspedagog
  • Språk og litteratur

Finn ditt studium her!

Kontakt studierettleiar Ingunn Teigen Nordal.


Samarbeidspartnarar