«Kunnskap for framtida»

- Både underhaldande og lærerikt!

Yrkes- og karrieredagane har sett Høgskulen i Volda ta i mot 2100 ungdomar fordelt over tre dagar. Torfinn S. Madssen og Øystein L. Eldholm er begge siste års studentar ved Volda vidaregåande, og seier dei var svært glade for å ha fått presentert eit tverrsnitt av studietilboda og interessante karrierevegar.


Torfinn Madssen har både vurdert å bli lærar og lege, då han likar å jobbe med menneske. Yrkes- og karrieredagane synest han at gav eit underhaldande innblikk i det høgskulen driv med:

-Eg synest dette er ei form for informasjon til oss ungdomane som er både underhaldande og lærerik. Som eit resultat trur eg at ein kjem til å gjere betre og meir informerte val om eiga framtid og om vidare utdanning. Kanskje vi elevane ikkje tenker så mykje på vidare utdanning akkurat i dag, men når tida kjem og ein må velje ei retning, vil nok arrangement som dette bidra til å skape eit godt fundament for valet.

Dei to elevane likte særskild godt posten som avdeling for kulturfag hadde laga til. Der deltok dei i videoproduksjon, og kunne på fleire plassar delta i morosame aktivitetar innan foto, drama, friluftsliv og kunst og handverk. Madssen var imponert over at elevane kunne delta såpass mykje.

-Eg synest dette var veldig underhaldande. Her kan ein gå rett til det ein interesserer seg mest for, og ein slepp å delta på ting ein ikkje likar like godt. Dette gjer at ein har det morosamt samtidig som ein lærer noko om høgre utdanning. 
Øystein Eldholm var samstemd, og likte godt måten arrangementet la til rette for deltaking på.

-Eg synest dette er eit veldig bra tiltak som synleggjer kva ulike yrker ein kan velje, kva ein kan bli. Idrett og friluftsliv appellerar til meg, og eg kjem til å nytte meg av høvet og snakke med elevar frå linja som står her i dag. Eg veit ikkje heilt kva eg skal bli enno, men idrett og friluftsliv verkar som ei bra utdanning for meg. Vi lærte ein del om dei fleste utdanningar, noko som var veldig bra.

Eit bra tiltak for elevane



Lærar på Volda vidaregåande, Liv Åm, synest Yrkes- og karrieredagane var eit bra tiltak, som evna å engasjere elevane frå vidaregåande.

-Det var fint for elevane at dei kunne delta, og ikkje berre måtte lytte på informasjon. Dette var særskild bra på avdeling for kulturfag. Eg trur absolutt dette arrangementet kan vere noko å satse på for framtida, og då det umiddelbart kan sjå ut til å ha mest relevans for avgangselevane på vidaregåande, har det også mykje å seie for førsteklassingane, då dei snart skal til å velje retning, såkalla programfag.

Tekst: Øystein Espe Bae
Foto: Eirik & Audun

 


Karrieredagane 2009