Innovasjonskamp_2016_sidebanner.jpg

 

Innovasjonscamp 2016

Høgskulen i Volda (HVO) skal saman med Volda vidaregåande skule (VVS), Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS), Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal m. fl.  arrangere Innovasjonscamp 2016 (tidlegare Grundercamp) for 150 elevar frå VVS.

Grunnlagsdokument

Elevane, mentorane og jurymedlemmane vert oppmoda om å lese følgjande planverk frå HVO:

Les om bachelor- og årsstudia våre her. Her ser du korleis vi kommunserer om studiebygda Volda på nettsidene våre. Magasinet Meir!.

HVO på Facebook.

Andre ressursar

Vurdering og premiering

Gruppearbeida vert vurderte av ein jury, og dei tre beste arbeida får premie.

ROM

Gruppene (over 20 grupper) skal arbeide i kantina i Berte Kanutte-huset. Arrangørane stiller mentorar til rådvelde for gruppene.

Fellesaktivitetar (informasjonsmøte, føredrag, premieutdeling osv.) skal skje i store auditorium i BK-huset. 

Elevane får servert mat i kantina.

Sjå kart.

Program

Prog_dag_1.JPG

Prog_dag_2.JPG

Vinnarane 2016

Vinnargruppa, beståande av Sondre Hjorthaug, Madelen Vadstein, Håkon Hånes, Lisa Bendal og Ingeborg Hjertvik, overtydde juryen med sitt forlag om å skape ein studentlandsby. Dei presenterte nye og moderne studentbustadar i miljøvenleg materiale og la vekt på fellesskapet blant studentane i ein slik studentlandsby. Bygningane skal også vere designa på ein møte som gjer at studentane får ein slags storbyfølelse.

– Den første dagen var vi innom mange idéar, men landa på denne. Fasilitetane ved studentbustadane i dag ser ikkje så veldig freistande ut, i alle fall ikkje frå utsida. Difor tenkte vi at dette var ei god løysing, og spesielt når vi fann ei tomt som ligg rett nedanfor høgskulen, fortel vinnarane.

Presseoppslag

Presentasjon av vinnarane av Innovasjonscamp 2016