«Kunnskap for framtida»

Rettleiing og karriere

Studierettleiing

Generell studierettleiing får du hos studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim. Ho kan svare på spørsmål om karriereval, våre studium, grader og innpassing. Ho er også kontaktperson for tilrettelegging av studium og eksamen dersom du har sjukdom, allergi, eller nedsett funksjon.

Om du har konkrete spørsmål om eit studium, t.d. om undervisninga, pensum og liknande, er det best å snakke med kontaktpersonen for studiet. Du ser kven dette er i studieplanen for ditt studium. Telefon 70 07 52 90.

Karriererettleiing

Skal du søkje på høgare utdanning eller er elev ved vidaregåande skule/folkehøgskule og ønskjer informasjon og rettleiing om utdannings- og yrkeval, kan du ta kontakt med rådgivar Torill Engeseth. Telefon 70 07 50 90.

Rådgjeving

Av og til kan situasjonen din vere vanskeleg å takle på eiga hand. Til studentrådgjevar 
Eli Anne Løksa  - telefon 70 07 51 88, kan du kome med alle slags spørsmål og problemstillingar, og få råd om korleis du skal handtere kvardagen og studiet.

Helsetilbod

Studentsamskipnaden tilbyr helsekasse som kan gje støtte til helseutgifter, briller, tannlege eller anna for studentane. Det er også tilbod om helsestasjon med rådgjeving om helse, les meir her.