«Kunnskap for framtida»

Øystein (24) frå Hemsedal vil bli grunnskulelærar i 5.-10.trinn

vil hjelpe unge menneske til å nå sitt potensial

– Eg trur at jobben som lærar er ein av dei viktigaste jobbane ein kan ha for å utvikle samfunnet i ei positiv retning. Eg har lyst til å bli ein lærar som ser det beste i kvar enkelt elev, og som hjelper dei å nå sitt potensial. Som lærar kan eg gjere ein forskjell. 

verdfull Praksis i utdanninga

– I løpet av praksisperiodane i studiet har eg fått prøve korleis yrket verkeleg er. Nyfikne og engasjerte elevar utfordrar og syter for at ingen arbeidsdag blir lik. Det er viktig at ein som lærar ser kvar enkelt av dei. 

Vegen vidare

– Uansett kvar eg hamnar i åra framover, trur eg lærarutdanninga mi frå Volda er svært verdfull. Det er kjekt å vite at eg har mange mogelegheiter til vidare fagleg påbygging som til dømes master. Eg kan fordjupe meg i dei faga eg er interessert i og forme utdanninga i ei retning som passar meg.

Treng lærarar

– I Noreg er det eit stort behov for lærarar, og det er godt å vite at eg utdannar meg til eit yrke der det er lett å få jobb, seier han.