«Kunnskap for framtida»

Lærargnisten


Foto: Eivind Øverås

Ingolf Sakkarus Dyrhaug jobba som snekkar i Oslo, og når klokka var fire var han ferdig på jobb. Det gav han ingenting. Så prøvde han seg som lærarvikar, og det var full klaff. Det førte han til Volda, lærarutdanninga og Studentsamfunnet.

Ikkje alle vil ha ein 9-4 jobb. Nokon treng ein jobb som engasjerer utover arbeidstimane. Ingolf er utdanna snekkar, men klarte ikkje å gi så mykje av seg sjølv i yrket. Han ville prøve noko nytt og enda etter kvart som lærarvikar på ein skule.
– Det blei lengre og lengre vikariat og til slutt fekk eg eit års vikariat som kontaktlærar i ei 2. klasse. Det var berre så morosamt og gjevande. Eg var mykje meir engasjert i den jobben, og det gjorde at eg bestemte meg for å ta lærarutdanninga.

KOLLEGAER SKRYTTE AV VOLDA
Som født og oppvaksen i Oslo såg Ingolf seg nødt til å flytte vekk for å studere.
– Dersom eg skulle begynne å studere, ville eg vere ein del av studentmiljøet. Det hadde eg ikkje blitt der, for eg ville jo ikkje ha droppa vennene mine. Eg trengde nye impulsar og var litt lei av storbyen. Eg reiste til Volda, og har ikkje angra eit sekund.

Han kom til Volda fordi nokre av kollegaene hadde tatt lærarutdanninga her og fortalde mykje positivt om høgskulen og studietida.
– Dei skrytte først og fremst av studentmiljøet, men eg er veldig fornøgd med grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn. Eg er spesielt fornøgd med faglærarane. Dei har ein enorm kompetanse og er flinke til å formidle faget. Dei klarer å kombinere fagstoff med didaktikk, som gjer det ekstra relevant for oss. Oppfølginga er eg også godt nøgd med. På høgskulen blir ein alltid sett og høyrt.

NY LEIAR I STUDENTSAMFUNNET
Som ny i Volda utan kjente, bestemte Ingolf seg tidleg for å engasjere seg.
– Allereie i fadderveka meldte eg meg som frivillig i Studentsamfunnet. Eg jobba i baren ei stund, og blei fort hovudansvarleg. Så blei leiarvervet i Studentsamfunnet ledig og nokon sa til meg at eg hadde passa til det. Sjølv hadde eg ikkje tenkt tanken. Eg bestemte meg for å stille til val, og blei vald. Det gjekk fort og var ikkje veldig planlagt. Men eg tenkte at det var ei mogelegheit som ein ikkje får så mange gonger.

220 FRIVILLIGE
I tillegg til å vere styreleiar har Ingolf no det øvste ansvaret for dei om lag 220 frivillige i Studentsamfunnet, som driftar arrangement på Studenthuset Rokken. Her kan ein jobbe i bar, i crew som har ansvaret for inngang og garderobar, som vakt, med det tekniske, og med PR. Saman arrangerer dei frivillige om lag 26 små og store arrangement i månaden, deriblant konsertar, fotballkampvisingar og quiz.
– Dei frivillige betyr alt for studentmiljøet og for Rokken. Mykje av det som skjer i Volda er basert på frivillig arbeid. På Rokken kan ein få til arrangement når som helst fordi det er så mange ressurspersonar her.

UENDELEGE TURALTERNATIV
Ingolf er også medlem av Volda studentidrett (VSI) og friluftsorganisasjonen Natura, som arrangerer turar i Sunnmørsnaturen, av og til også til andre stadar.
– Eg er veldig glad i å gå på tur. Det er fjell på alle kantar her, og om ein er villig til å køyre eller sykle litt, så finst uendelege turalternativ. Eg vil tilrå sykkeltur til Hestehornet. Det er omlag åtte kilometer til rota av fjellet, og så er det omlag ein halvtimes spasertur opp det vesle hornet, som har ei heilt rå utsikt. Likevel er høgdepunktet for min del den eviglange sykkelturen heim. Då er det nedoverbakke heile vegen til Rokken. Det er den beste staden å avslutte turane sine.