«Kompetanse for framtida»

Fadderveke- generalen lovar mykje moro

Tekst og foto: Per Straume

Han følte seg liten og aleine då han kom til Volda i fjor, men det snudde raskt. No vil faddervekesjef Nikolai Hannevik Nordlid sørge for at alle nye studentar skal bli like godt tatt imot som han sjølv vart.

Vi skrur tida eit år tilbake. Nikolai hadde kome inn på barnevernsutdanninga ved Høgskulen i Volda og flytta frå heimbyen Bergen og opp til sunnmørsbygda. Der var det ingen nære kjende og nettverket hans var lik null.

– Eg var veldig usikker og visste ikkje heilt kva eg gikk til. Eg følte meg frykteleg liten til å begynne med. Den første dagen tenkte eg at alle dei andre kjende kvarandre når eg såg at folk snakka saman, men sånn var det jo ikkje, fortel Nikolai.

Stort nettverk tidleg

Tilbake i notid har historia endra seg radikalt. Den utåtvende bergensaren har fått til og opplevd mykje i sitt første år i Volda. Han har vore tillitsvald i klassa, arbeidd frivillig på Studenthuset Rokken, debutert som skodespelar under Vekarevyen, fått vervet som leiar i Faddervekestyret og vald inn som ein av to studentrepresentantar i høgskulens høgaste organ – Høgskulestyret.
– Eg skjønte fort at det var lurt å engasjere seg i Rokken. Det er det lett å bli kjend med folk og eg skaffa meg eit stort nettverk med gode vennar, også frå andre utdanningar.

Det er også håpet han har for dei nye stu­dentane som tek til frå hausten av. Derfor enga­sjerte han seg i Fadderveka, der dei har ein klar visjon.

– Studentane skal finne sine miljø allereie i Fadderveka. Dei skal bli kjend med folk i klassa, andre studentar og ikkje minst med alle organisasjonane som ein kan engasjere seg i Volda. Vi vil satse hardt på eit torg under Fadderveka der organisasjonane får vise fram alt Volda har å by på av studentretta aktivitetar.

Kva får studentane elles oppleve under Fadder­veka?
– Eit inkluderande miljø, med eit program som famnar breitt. Knallgode artistar, dødse­konkurranse, rebusløp og eit uformelt løp ned bygda til Rokken.

Opplevingar for eit heilt år

Nikolai var svært glad då det vart bekrefta at Datarock skal spele under Fadderveka, eit band han trur vil skape stor stemning frå konsertscena. I tillegg vil også Comet Kid og Whales and this lake vere med å lage liv på Rokken den første veka i haustsemesteret.

Faddervekestyret har vore tydlege på at dei vil lage ei veke som skal passe alle nye studentar.

– Under aktivitetane våre vert det ikkje lagt opp til bruk av alkohol. Det er ikkje slik at ein ikkje skal kunne nyte alkohol og kose seg, men fokuset skal ikkje ligge på alkoholen. Det skal og vere kjekt for dei som drikk i små mengder eller ingenting å vere med. Denne veka skal vere starten på gode vennskap og fylt med kjekke opplevingar som ein kan snakke om resten av året, seier Nikolai, set opp eit smil og tenkjer nok tilbake til kva Fadderveka for eit år sidan betydde for han sjølv.

www.fadderveka.no