«Kunnskap for framtida»

Frå X-faktor til musikkstudiet i Volda

Du kjenner henne kanskje igjen frå X-faktor? Etter over eitt år som kjend artist og ein Noregs-turné saman med Kurt Nilsen, har Elin Gaustad igjen vendt tilbake til musikkutdanninga i Volda.

Den musikalske jenta fekk fart i karrieren etter det første året i Volda, men no er ho klar for å fullføre utdanninga. – Det var songlæraren min på kulturskulen som rådde meg til å studere musikk i Volda. Ho hadde sjølv studert her og fortalde om eit godt studiemiljø og gode lærarar.

– Dyktige lærarar

– Eg opplever det å vere student her som veldig positivt. Eg er i eit godt klassemiljø, og det er dyktige lærarar. Eg trivst svært godt både på skulen og utanfor, fortel ho. Elin er med på mest mogleg, og ho oppmodar alle nye studentar til å gjere det same. – Då får du eit nettverk, og det er svært viktig for at ein skal trivast, forklarer ho.

Vil jobbe med musikk

Etter utdanninga ønskjer Elin å flytte tilbake til Molde og arbeide som kulturskulelærar eller musikklærar. – Det vil gi meining i kvardagen, samstundes som eg får drive med det eg aller mest vil, nemleg musikk. Eg vil gjerne gi ut ei juleplate ein dag. Det er ein draum eg ber på, og som eg håper eg får til, smiler ho.