«Kunnskap for framtida»

Publiseringsutvalet

Publiseringsutvalets mandat

Høgskulen i Volda sitt publiseringsutval skal vere eit utøvande og strategisk organ. Utvalet skal ha eit særskilt fagleg ansvar for rådgjeving og utvikling når det gjeld publisering, Open Access, rapportering av vitskaplege publikasjonar og tildeling av interne FoU-poeng. Publiseringsutvalet er underlagt Forskingsutvalet.

Publiseringsutvalets samansetjing og funksjonstid

Publiseringsutvalet består av fem faste representantar, som står for det utøvande arbeidet. Det faste utvalet har fylgjande samansetjing:

  • leiar for Forskingsutvalet
  • ein av dei faglege representantane i Forskingsutvalet
  • FoU-koordinator
  • FoU-rådgivar (sekretær)
  • leiar av biblioteket

Publiseringsutvalets oppgåver

Publiseringsutvalet skal:

  • sakshandsame søknader om trykkjestøtte
  • vere redaksjonsutval for skriftserien til Høgskulen i Volda
  • vere rådgjevande organ i saker som gjeld utforming av strategi og politikk knytt til tildeling av interne FoU-poeng ved Høgskulen i Volda, irekna oppfølging og eventuelt fremjing av forslag til endringar av faglege kriterier og standardar
  • avgjere tvilstilfelle knytt til rapportering av vitskaplege publikasjonar
  • treffe vedtak i tvilstilfelle knytt til tildeling av interne FoU-poeng
  • sakshandsame og treffe vedtak i klagesaker knytt til tildeling av interne FoU-poeng
  • arbeide for å fremje open tilgang til vitskaplege publiseringar gjennom Open Access
  • skal vere høyringsinstans i publiseringssaker
  • vere rådgjevande organ når det gjeld nominering av kanalar for vitskapleg publisering
     

Retningsliner

Arbeidet til Publiseringsutvalet er regulert av eigne retningsliner.

Medlemmar i Publiseringsutvalet 2015/2016

Johann Roppen, rektor, leiar i Forskingsutvalet/Publiseringsutvalet.

Inger Marie Okkenhaug, professor, ASH.

Bente Gunn Lien, rådgivar, Biblioteket.

Ola Teige, avd.leiar, Kontor for samfunnskontakt.

Geir Tangen, FoU-rådgivar, FoU-adm. (utvalssekretær).