«Kunnskap for framtida»

Campusutviklingsprosjektet

Høgskulen i Volda (HVO) er den største høgskulen i fylket og er viktig både for lokalsamfunnet og regionen. Høgskulen er ein stor arbeidsgjevar med over 300 høgt kvalifiserte medarbeidarar. Vi har hatt ein sterk auke i studenttalet dei siste åra og har no nær 4000 studentar, av desse er om lag 2200 på campus. Møreforsking og studentsamskipnaden er også lokaliserte her som følgje av at HVO ligg i Volda. Samla generer dette ei omsetjing i regionen for om lag 650 million kroner. Dei mange kulturelle aktivitetane som har sitt utspring i høgskulen er med på å gjere regionen vår attraktiv.

Vi som er i leiinga for høgskulen har stor tru på at HVO vil utvikle seg vidare. HVO ønskjer å utvikle eit innovativt senter for mediering og formidling med tidsmessige lokalitetar og oppdatert utstyr. Dersom vi framleis skal vere ein attraktiv høgskule, så må vi starte no med å planleggje for framtida. Vi har m.a. ein del bygningsmasse som ikkje møter dagens krav til eit godt læringsmiljø. Vi ser behovet for å gjere ein gjennomgang av heile campus: arealbehov, nybygg, trafikk- og parkeringsløysingar, uteområde og liknande. Men eit slikt prosjekt er også eit høve til å diskutere høgskulen si rolle i regionen. Kva muligheiter har vi som samarbeid med både det private og det offentlege arbeidslivet? Og med kulturlivet? Vi ønskjer også å sjå på muligheiter for sambruk av lokale og  andre ressursar.

Mandatet til dei ulike gruppene
Prosessbeskrivelse og møteplan/fristar

Presentasjonar frå oppstartsseminaret:
* Rektor ved HVO
* Arbeidsform og organisering /Statsbygg
* Campusutvikling HVO/Volda Kommune
* Campusutvikling /Statsbygg

Program for midtvegsseminaret 28. januar 
Presentasjonar frå midtvegsseminaret:
* Presentasjon høgskulegruppa visjon
* Strategier arealgruppa
* Presentasjon høgskulegruppa dagens situasjon
* Presentasjon Lokalsamfunn, næringsliv, kulturliv

SLUTTMØTE

Program for sluttmøte
Usability studie Høgskulen i Volda
Presentasjon av campusutvilingsplanen
Presentasjon Usability-studie
Presentasjon strategiar og tiltak

Sluttrapport

Campusutviklingsplan for Høgskulen i Volda - Sluttrapport



 

KONTAKT/PROSJEKTSEKRETÆR
Marit Gridseth Flø
T: 70 07 50 91
E: Marit Gridseth Flø