«Kunnskap for framtida»

Arbeidsmiljøutvalet (AMU)

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) ved Høgskulen i Volda (HVO) skal arbeide for at arbeidsmiljøet ved HVO er fullt forsvarleg, delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet og følgje med i utviklinga i saker som vedkjem sikkerheit, helse og velferd til dei tilsette.

AMU er samansett av fire representantar frå arbeidsgjevarsida og fire frå arbeidstakarsida. Hovudverneombodet skal vere ein av arbeidstakerne sine representanter i utvalet og har stemmerett. I tillegg har bedriftshelsetenesta og verneomboda møte- og talerett. Medlemmane blir valde for to år i gongen. Leiar for utvalet blir vald for eitt år om gongen og vekslar mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida.

AMU avgjer sjølv kor ofte det skal halde møte; det normale er fire møte pr. år. Utvalet tek opp spørsmål på eige initiativ eller etter ønskje frå eit verneombod. Alle arbeidstakarar kan også vende seg til utvalet med eit arbeidsmiljøproblem.