«Kunnskap for framtida»

Val av styringsmodell

Bakgrunn

Styret ved Høgskulen i Volda ønskjer at ein på styremøte i mars 2017 skal fatte vedtak om kva styringsmodell ein skal ha ved Høgskulen i Volda. Spørsmålet kom i opp i det direktør gjorde det kjend at han går av med alderspensjon juni 2017.

Det har tradisjonelt vore to ulike styringsformer ved universitet og høgskular i Norge, vald rektor eller tilsett rektor. Alternativa har vore sidestilt i Universitet- og høgskoleloven (UHL). Våren 2016 vart lova endra til at tilsett rektor vart hovudregelen og vald rektor vart unntaket.

Ordningane blir ofte kalla delt og einheitleg leiing. Delt viser til vald rektor og tilsett direktør, medan einheitleg viser til tilsett rektor. Omgrepa kan vere misvisande fordi uansett kva ordning ein vel ligg alt styringsansvar til styret, og alle beslutningar er gjort på styret sine vegne, jf. uhl § 9-1.

Høyringsrunde

Ope møte