«Kompetanse for framtida»

Ledige stillingar

KONTAKTPERSONAR VED PERSONALKONTORET
Personaldirektør Nina C. Garshol tlf.: 70 07 50 40, e-post 
Rådgivar Elin Øye Halkjelsvik, tlf.: 70 07 50 42, e-post 
Rådgivar Silje Klepp, tlf.: 70 07 54 35, e-post

ELEKTRONISK SØKNAD
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk. Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 15 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp.


Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden for administrative  stillingar:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden for faglege stillingar:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV med liste over vitskapelege arbeid
- mastergradoppgåve/hovudfagoppgåve
- inntil 15 aktuelle vitskapelege arbeid

Dokument/filer må ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknaden vert vurdert med den informasjon som ligg føre elektronisk.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsendte vedlegga.

SØKNAD OM RESERVASJON FRÅ OPPFØRING PÅ OFFENTLEG SØKJARLISTE
I samsvar med offentleglova § 25 kan søkjar be om å ikkje blir ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør Offentlighetsloven?» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

SØKJARLISTER
Nokre dagar etter søknadsfristen er ute vil søkjarar få tilgang til utvida søkjarliste ved å logge seg på sin Jobbsøkkonto i Jobbnorge med brukarnamn og passord.