«Kompetanse for framtida»
Volda University College

Ledige stillingar

KONTAKTPERSONAR VED PERSONALKONTORET
Personaldirektør Nina C. Garshol tlf.: 70 07 50 40, e-post 
Rådgivar Elin Øye Halkjelsvik, tlf.: 70 07 50 42, e-post 
Rådgivar Silje Klepp, e-post

ELEKTRONISK SØKNAD
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk. Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden for administrative stillingar:
- rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, desse skal vere samla i ei fil

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden for faglege stillingar:
- rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, desse skal vere samla i ei fil
- CV med liste over vitskapelege arbeid
- mastergradoppgåve/hovudfagoppgåve
- inntil 15 aktuelle vitskapelege arbeid

Vedlegga må ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

SØKNAD OM RESERVASJON FRÅ OPPFØRING PÅ OFFENTLEG SØKJARLISTE
I samsvar med offentleglova § 25 kan søkjar be om å ikkje blir ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentlighet, jamfør Offentlighetsloven?» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.

SØKJARLISTER
Når søknadsfristen er ute vil søkjarane innan eit par dagar få tilsendt e-post med lenkje til melding i «postkassa» i www.jobbnorge.no.