«Kunnskap for framtida»

Læringsmiljø ved Høgskulen i Volda

Læringsmiljø er: 

"Totaliteten av fysiske forhold, planer, lærestoff, læremidler, organisering av undervisningen, arbeidsformer, vurderingsformer, sosiale relasjoner og holdninger til læring - altså alle faktorer som kan påvirke studentenes læring." (definisjon frå Universell.no).

Vi har ansvar for dei elementa det er rimeleg å forvente at vi har kontroll over. Høgskulen ynskjer å ha eit godt læringsmiljø, og at Volda skal vere ein god stad å studere for alle. Studentane er ei samansett gruppe med ulike behov, og eit godt læringsmiljø skal inkludere alle. Ingen skal oppleve at dei vert diskriminert grunna kjønn, alder, etnisitet,  helse, eller andre faktorar.

Du kan lese meir om læringsmiljø i punkta nedanfor.