«Kunnskap for framtida»

Universell utforming ved HVO

HVO jobbar jamnt og trutt med å tilpasse bygningar og studier til standarden "universell utforming". Ettersom HVO held til i 14 bygningar bygd i perioden 1922 til 2010 er den bygningsmessige standarden svært ulik over campus. Arbeidet vil derfor ta tid, men mykje er allereie gjort.

 Handlingsplan -inkluderande læringsmiljø 2012-2015 PDF

I arbeidet med bygningane vert desse områda prioritert:
- tilgang til bygningane (ytre dører)
- toalett for alle (HC-toalett)
- teleslynger i dei store undervisingsroma
- tilgang til undervisingsrom

Informasjon om dei ymse områda finn du i menyen til venstre

Spel av film om universell utforming
Sjå film om universell utforming