«Kunnskap for framtida»

Ymse

Det er over siste åra gjort mange mindre tiltak for å fjerne hindre for studentar med funksjonsnedsettingar.

Konkrete tiltak:

  • Tiltak med tanke på allergikarar: Innstramming av kvar ein kan røyke og fjerning av julegran.
  • Fysiske barrierer - det er sett inn trappeheis i idrettsbygget, og rullestolrampar fleire stader. 
  • Det er sett opp fleire støpsel for å lette bruk av bærbar PC.
  • Undervisning har blitt flytta til betre lokale, eller ein har skaffa ny møblering.

Det vil nok ta lang tid før alle våre bygningar er universelt utforma. I tida framover vert det jobba parallellt med å oppgradere bygningane mot det målet, og å tilrettelegge individuelt når det kjem studentar med behov som det ikkje allereie er tilrettelagt for.