«Kunnskap for framtida»

Universell utforming - studium

I arbeidet med inkluderande læringsmiljø er tilrettelegging av studia sentralt. Det handlar om det som skjer i undervisingsroma, undervisingsmateriell, e-læringsverktøy og eksamen. På dette området er det gjort ein del, men det står mykje att.

Undervisninga bør skje på ein måte som gir godt utbytte for alle, også studentar med nedsett hørsel eller syn, dysleksi eller anna. Undervisingsmateriell skal no følgje vår standard, og vere moglege å lese i alternativt format, t.d. med leselist. Digitale tekstar skal vere mogleg å lese i alternativt format, og vi skal arbeide for at e-læringsverktøy (Fronter o.l.) vert tilpassa studentar med ulike behov.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, heimeeksamen eller praktisk eksamen - dette vert styrt av faglege omsyn. Dette vil gjere at studentar kan ha behov for at vi legg til rette på ulike måtar, og vi følgjer prinsippa som blir gitt i Universitetslova § 4-3 nr 5: 

Institusjonen skal, så langt det er mulig og rimelig, legge studiesituasjonen til rette for studenter med særskilte behov.
Tilretteleggingen må ikke føre til en reduksjon av de faglige krav som stilles ved det enkelte studium.

Les meir om tilrettelegging av eksamen.