«Kompetanse for framtida»

LMU - mandat og rolle

Styret har overordna ansvar for læringsmiljøet, og at studentane sitt "arbeidsmiljø" er godt.
Læringsmiljøutvalet skal gi styret informasjon om dette gjennom årlege rapportar, men kan også ta opp saker på eige initiativ. Gjennom LMU får studentane medverknad på felt som gjeld deira læringsmiljø, og kan følgje med spørsmål som gjeld eigen sikkerheit og velferd.

Kvalitetssikring og læringsmiljø

Læringsmiljø skal vere ein del av systemet for å sikre kvalitet i utdanninga, og rapporterer mellom anna til NOKUT. Vi er pålagt å ha rutinar for å sikre god studiekvalitet, både fysisk og psykososialt. Dette vert handtert gjennom evaluering av studia, system for å handtere klager m.m.

GENERELT OM LÆRINGSMILJØUTVALET

Læringsmiljøutvalet skal ha like mange studentar som tilsette representantar, jf. retningslinjene til LMU. I tillegg er det ein sekretær, og observatørar frå IT og SfS (studentrådgivar) i utvalet. Leiar vert valdd vekselvis mellom tilsette og studentar. Dette gir studentane ei sterk rolle, der det vert lett å spele inn saker.

Sjå liste over medlemma i Læringsmiljøutvalet.