«Kunnskap for framtida»

Læringsmiljø, lover og rammer

LÆRINGSMILJØ, LOVER OG RAMMEVERK

Studentane har krav på eit godt læringsmiljø, og Universitets- og høgskulelova har eit eige kapittel om dette. Høgskulen sitt styre får eit overordna ansvar, både for det fysiske miljøet, tilgjenge, fagleg miljø, og sikring av det psykososiale miljøet. Ein skal dokumentere korleis ein arbeider med dette, og integrere det i kvalitetssystemet for utdanningane.

Les meir om kva Universitets- og høgskoleloven seier om dette.

LÆRINGSMILJØUTVALET

Høgskulen skal ha eit læringsmiljøutval (LMU), med like mange representantar frå tilsette og studentar. Studentar og tilsette skal veksle på å leie utvalet. Les meir om læringsmiljøutvalet her.

Læringsmiljøutvalet sine retningslinjer seier noko om korleis LMU er organisert i Volda. Desse finn du her.