«Kunnskap for framtida»

Hovudelement i kvalitetssystemet

4  Hovudelement i kvalitetssystemet

HVO har valt fire kvalitetsområde som skal utgjere strukturen for kvalitetssystemet: kvalitet på rekruttering, informasjon og studentmottak, rammekvalitet, programkvalitet og resultatkvalitet. Til kvart av dei fire kvalitetsområda er det utarbeidd mål, definert evalueringstiltak og ansvarsplassering.

 

4.1 Kvalitet på rekruttering, informasjon og studentmottak

 

Mål

Tiltak

Ansvarleg

Søkjarar skal ha god informasjon om studietilbodet ved HVO og om Volda som studiestad.

Spørjeundersøking om studiestart

Årleg revisjon av rekrutteringsplanen

Universelt utforma nettsider

Søkjarrettleiingskorps

Informasjonsleiar/
studiedirektør

Informasjonsleiar/
studiedirektør

HVO skal tilby rettleiing og studieplanlegging

Evaluering av studierettleiarfunksjonen i studieadministrasjonen og av rettleiingsarbeidet i avdelingane

Studiedirektør

 

 

4.2 Rammekvalitet

Rammekvalitet omfattar ressursar og strukturar som t.d. personal, lokale, utstyr og psykososiale forhold.

Mål

Tiltak

Ansvarleg

HVO skal tilby eit godt læringsmiljø med universell utforming

Årleg rapport til styret frå læringsmiljøutvalet

Meldingsteneste for studentar

Årleg kontroll av det fysiske læringsmiljøet

Læringsmiljøutvalet

Studiedirektør

Driftsleiar

HVO skal ha fagleg tilsette med høg kompetanse

Forskingsprogram

Kompetansehevingsprogram
(lenke til HMS-system)

Rektoratet/direktør/
dekanar/personal-direktør

Studentar skal ha medverknad på avgjerdsprosessar ved HVO.

Faste møte mellom rektor og direktør, studiedirektør, leiar og nestleiar for Studenttinget og direktøren for studentsamskipnaden

Leiinga av  Studenttinget

 

 

Vere representerte i styre og råd

Studentar

HVO skal tilby eit godt administrativt støtteapparat 

 

Intern evaluering av studieadministrative tenester og it-tenester

Studiedirektør/IT-leiar/Fronter-ansvarleg

Kompetansehevingstiltak

Direktør/personal-direktør

HVO skal ha eit fagbibliotek med relevant litteratur og kunnskapsbasar som held høg kvalitet.

Årleg gjennomgang av prioriteringar og rutinar i samband med innkjøp og tilrettelegging av informasjon

Bibliotekleiar

UH-nettverk

Bibliotekleiar

 

4.3 PROGRAMKVALITET

Programkvalitet omfattar kvaliteten på studieplanane og gjennomføringa av studia.

Mål    

Tiltak

Ansvarleg

HVO skal drive undervisning av høg fagleg og pedagogisk kvalitet.

Ekstern evaluering:

Strategisk studienemnd peikar årleg ut 2-3 studieprogram som skal ha ekstern evaluering og vel tema for evalueringa.

Studieprogram kan også be om å bli eksternt evaluert

Kandidatundersøking på utdanningane som er peika ut for ekstern evaluering (studentar som gjekk ut 1-3 år tilbake i tid)

 

Dekan og studieprogramansvarleg ved dei utpeika utdanningane, i samarbeid med Strategisk studienemnd.

Studiedirektør

 

Intern evaluering:

Brukarundersøking av utvalde fleirårige utdanningar (bachelor-, lærar og masterprogram)

Alle emne skal evaluerast fortløpande

Obligatorisk fagutval på alle fleirårige utdanningar (bachelor-, lærar og masterprogram) m. fokus på utviklingsarbeid, basert på data frå  evalueringar av t.d. program, emne, spørjeundersøkingar, sensorrapportar, kandidatundersøkingar m.m.

 

Studieprogramansvarleg og studiedirektør


Emneansvarleg

Dekan, studieprogram- og emneansvarleg, faglærar

HVO skal tilby studieprogram som er relevante i høve til dei fagfelta HVO utdannar arbeidskraft til.

Tett kontakt med praksisfeltet –  tilbakemelding/evaluering frå praksisstad og studentar i praksis

Studieprogram- og emneansvarleg

Skildring av læringsutbytte i tråd med Kvalifikasjonsrammeverket i alle studie- og emneplanar

Dekan, studieprogram- og emneansvarleg

HVO skal kvalitetssikre nye studieprogram og nye emne.

Ekstern fagfellevurdering av nye studium/emne

Dekan, studieprogram- og emneansvarleg

Ekstern sensur første gong emnet blir gjennomført

Dekan, emneansvarleg

HVO skal tilby studentar og fagtilsette utanlandsopphald ved anerkjende utanlandske utdannings- og forskingsinstitusjonar.

Tett kontakt med utanlandske institusjonar

 

Studieprogram-ansvarleg, internasjonal koordinator, studiedirektør

Studentevalueringar (som del av brukarundersøking og/eller kandidatundersøking)

Studiedirektør, studieprogramansvarleg og internasjonal avd. koordinator

HVO skal tilby studentar rettleiing knytt til planlegginga og gjennomføringa av studiet deira.

Tilbod om utdanningssamtalar for studentar på studieprogram på 60 stp eller meir

Studieprogram-ansvarleg eller utdanningsrettleiar/basis-grupperettleiar

Meldingsteneste for studentar

 

Studiedirektør

 

4.4 Resultatkvalitet

Resultatkvalitet omfattar gjennomstrøyming og karakterfordeling.

Mål

Evalueringstiltak

Ansvarleg

HVO skal ha løpande oversikt over gjennomstrøyming og karakterfordeling mellom kandidatane.

Analyse av strykprosent, karakterfordeling og av karakterutviklinga over tid

Dekanar/ studiedirektør

Utarbeide statistikk om samanhengar mellom inntakskvalitet og resultatkvalitet innanfor utvalde utdanningar

Studiedirektør/

Studieleiar/

Studieprogram-ansvarleg

Analyse av studieprogresjon og gjennomstrøyming

Studiedirektør

På nettet ligg det malar og døme til bruk for dei ulike kvalitetsområda.