«Kunnskap for framtida»

Internasjonalt kontor

banner_website_about_int_office.jpg

Høgskulen i Volda har eit aktivt og variert internasjonalt engasjement. Internasjonalt kontor koordinerer internasjonaliseringsaktivitetar knytt til studie og undervisning.

Avtalar

Internasjonalt kontor forvaltar HVOs avtaleportefølje. Vi har meir enn 140 utvekslingsavtalar med universitet i heile verda. Tilsette og studentar kan søke om stipend for å utveksle til våre partnaruniversitet innan Erasmus+ og Nordplus programmet.

ProgramFORVALTNING

Internasjonalt kontor er også HVO sitt kontaktpunkt for ulike program og finansieringsordningar innan internasjonalisering som t.d. Erasmus+, Nordplus og Kvoteprogrammet. Studentar kan reise på utveksling med stipend gjennom Internasjonalt kontor. Tilsette kan søke om stipend for partnarbesøk, gjesteforelesarar eller andre internasjonaliseringsprosjekt gjennom Internasjonalt kontor.

Strategi

Saman med Internasjonalt utval, er det Internasjonalt kontor som utviklar Handlingsplan for internasjonalisering. For meir informasjon om strategidokument, sjå innsida.

Kontakt internasjonalt kontor

Information in English about International Cooperation at Volda University College.