«Kompetanse for framtida»

HMS

Helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet ved HVO

er ei systematisering av tiltak i forhold til arbeidsmiljøet ved høgskulen. HMS-arbeidet er eit leiaransvar, der høgskuledirektøren har det øvste, juridiske ansvaret. Den enkelte arbeidstakaren har også eit medansvar for arbeidsmiljøet på sin arbeidsplass.

Internkontroll er i realiteten kvalitetssikring og eigenkontroll av HMS-arbeidet, og skal vere ein viktig reiskap for å dokumentere overfor styresmaktene at det organiserte verne- og miljøarbeidet verkeleg fungerer.

Internkontroll må likevel ikkje bli eit mål i seg sjølv, men eit systematisk middel til å skape ein sikrare, trivelegare og meir produktiv arbeidsplass. 

krise og beredskapsplan ved Høgskulen i Volda

Målet for denne planen er at studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda skal vere best mulig budde på å møte kriser og ulukker blant studentar og medarbeidarar. I tillegg skal studentar og tilsette, på og utanfor campus, som kjem i ein krisesituasjon, får rettast og best mogleg hjelp.

Dette skal også vere ei praktisk handbok i krisesituasjonar. Det viktigaste ved Kriseplan for HVO er at vi førebur oss på ulike typar krisesituasjonar, og mentalt førebur oss på korleis vi best handterer dette før, under og etter.


Beredskapsplan versjon 12
Beredskapsplan for studenter i utlandet (revidert 23.09.2015)
Pandemiplan for Høgskulen i Volda

Du treng Acrobat Reader for å lese dokumentet.