«Kompetanse for framtida»
Volda University College

Kontor for samfunnskontakt

Kontor for samfunnskontakt vart oppretta 1. mars 2015 og omfattar tilsette og aktivitetar som tidlegare var knytt til Informasjonskontoret, Kurs-, etter og vidareutdanning og FoU-kontoret.

TILSETTE

Oppgåver

  • Strategisk rolle: Kontor for samfunnskontakt har eit overordna ansvar for utvikling av høgskulens kommunikasjonsstrategi og for høgskulens kommunikasjon med samfunnet.
  • Studentrekruttering: Bidra i planlegging, utføring, gjennomføring og evaluering av studentrekruttering.
  • Nettsidene og sosiale media: Overordna redaktøransvar, rettleiing og opplæring i kommunikasjon i relevante kanalar.
  • Trykte media: Forvalting av grafisk profil, rettleiing ved bestilling og utforming av annonsar, produksjon og rettleiing ved produksjon av trykksaker, redaksjon av magasinet Meir!
  • Hendingar (messer, konferansar, seminar og andre event): Støtte til gjennomføring av interne og eksterne arrangement for studentrekruttering, FoU og profilering av HVO.
  • Profilering: Produksjon av og rettleiing i bruk av profileringsartiklar.
  • Mediekontakt: Rettleiing i kontakt med media, utarbeiding av pressemeldingar og pressekonferansar, kartlegging av medieomtale av HVO.
  • Kurs-, etter og vidareutdanning: Utvikling av kurstilbod, planarbeid, gjennomføring av kurs, konferansar, budsjett med meir.
  • Forsking og utvikling (FoU):  Samordning av prosjekt- og søknadskoordinering og forskingsgrupper, publisering, forskingsformidling og Forskingsdagane.

Høgskulen i Volda driv sitt informasjonsarbeid i samsvar med statleg kommunikasjonspolitikk.

Dei tilsette finn også gode ressursar på våre interne sider (krev innlogging).

Kontakt

Høgskulen i Volda, Samfunnskontakt, Postboks 500, 6103 Volda

E–post: samfunnskontakt@hivolda.no

Vi har kontor i 3. etasje i Berte Kanutte–huset