«Kunnskap for framtida»

Reglement for plakatoppslag og informasjonstiltak

Plakatoppslag

• Det er høve til å henge opp plakatar som er relevant for studentane på tavleveggar merka med STiV-logo.

• Alle oppslag skal stemplast og daterast på STiV-kontoret eller i resepsjonen.

• Oppslaga får henge maksimalt i tre veker.

• Det er ikkje høve til å henge opp fleire enn eit av same oppslaget på kvar tavlevegg, og storleik på oppslaga skal maksimalt vere A2.

• Bruk av stiftepistol er ikkje tillatt.

• Oppslag som ikkje er stempla eller heng utanfor tilviste stader, vert fjerna.

• Plakatveggane i plexiglas kan nyttast av studentorganisasjonar/-festivalar og tilsette, til tiltak retta mot studentane. Denne må bookast før bruk, studentorganisasjonane kan henvende seg til STiV-kontoret.

Standar og informasjonstiltak

• Det er høve til å ha stand og andre informasjonstiltak i fellesareala etter avtale med STiV.

• STiV skal ha kjennskap til ein kontaktperson/ansvarleg ved kvart tiltak.

• Standen skal ryddast etter endt tiltak. Dersom tiltaket skal vare over fleire dagar skal det ryddast kvar dag. Unntak kan gjerast etter avtale med STiV.

• Standen skal plasserast slik at den ikkje hindrar fri ferdsel eller øvrig aktivitet.

• Rømningsvegar skal ikkje blokkerast.

• Ved aktivitetar som kan utløyse brannvarslaren (steiking av vafler e.l.) må dette avklarast med STiV på førehand. Dersom det ikkje vert tatt hensyn til, må ansvarleg for tiltaket rekne med å betale utgiftene for ei eventuell brannutrykking.

• Eksterne aktørar skal signere kontrakt før tiltaket startar. Kontakt STiV-kontoret.

• Salgs-stand er kun tillatt når det gjeld tenestar som er spesifikt studierelevant eller velferdsrelevant mot studentar og tilsette, dvs. ikkje generelle forbrukarkampanjer.

• Kommersielle aktørar vert pålagt avgift på 1000,- pr. dag. Ved tvil om arrangøren fell innanfor denne kategorien, skal STiV-styret avgjere om avgift kan påleggast.

• Under studentfestivalane er det høve til å inngå særskilde sponsoravtalar. Kontakt STiV-kontoret.

• Dersom reglementet ikkje vert fylgt, kan arrangøren visast vekk.

Reglane kan reviderast etter behov.    – 13.02.2014

Studenttinget i Volda
Telefon: 70 07 51 51
E-post: stiv@hivolda.no