«Kunnskap for framtida»

Dokumentsenteret ved Høgskulen i Volda

Alle offentlege organ har plikt til å arkivere dokument som har verdi som dokumentasjon eller er gjenstand for sakshandsaming.

I følgje Arkivverket skal arkiva m.a.:

  • sikre at forvaltninga kan dokumentere vedtaka sine og arbeidet sitt for all ettertid
  • sikre publikum tilgjenge til viktig informasjon om forvaltninga sine planar og aktivitetar  
  • sikre at forvaltninga si historie kan skrivast i framtida

Dokumentsenteret (tidl. arkivet) ved Høgskulen i Volda held til i 3. etasje på Berte Kanutte-bygget. 

Dokumentsenteret opnar post som er adressert til Høgskulen, og handterer i tillegg HVO si offisielle e-postadresse postmottak@hivolda.no. Vi skannar og registerer dokument som har arkivverdi, held opplæring og driv brukarstøtte for dei tilsette i saks- og arkivsystemet. Dokumentsenteret handterer innsynskrav og spørsmål om historiske arkiv.

Public 360
Høgskulen i Volda brukar saks- og arkivsystemet Public 360ᵒ. Tilsette kan sjå meir på innsida.

Sikker digital post - SDP

Høgskulen i Volda tok i bruk utsending av Sikker digital post i 2016, og her finn du informasjon om kva dette betyr for deg og korleis du skal opprette digital postkasse.

Om dokumentsenteret

Dokumentsenteret er Høgskulen i Volda sitt sentrale postmottak og arkiv, og har det overordna arkivfaglege ansvaret ved høgskulen. Vi har ansvar for det historiske saksarkivet. Vi har vidare ansvar for systemforvalting av HVO sitt elektroniske arkiv- og saksbehandlingssystem, samt drifts- og opplæringsoppgåver knytt til dette.