«Kunnskap for framtida»

Arkivplan for Høgskulen i Volda

Arkivplanen skal vere HVO sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting.

Arkivplanen skildrar HVO og Dokumentsenteret si organisering, samt fullmakter og ansvarsfordeling på arkivområdet. Planen skal også gi ei oppdatert oversikt over HVO sitt arkivmateriale og korleis dette er organisert, periodisert og oppbevart.

Arkivplanen tek også sikte på å gi ei oversikt over regelverk, bestemmelsar og rutiner som er viktige for å ta i vare sakshandsaming, arkivering, informasjonssikkerheit, personvern og innsynsrettar.
Intensjonen er at planen skal nyttast aktivt som planleggings- og styringsverktøy for arkivarbeidet, både i det daglege arbeid og i eit langsiktig perspektiv.

Arkivplanen for Høgskulen i Volda finn du her:

http://hivolda.arkivplan.no/