«Kunnskap for framtida»

Henrik Kaarstad-huset

Kaarstad ligg vest for Berte Kanutte-huset, og er det eldste bygget på campus. Kaarstad-huset med sin karakteristiske gulfarge, er eit kjennemerke for lærarutdanninga i Volda.

I dei seinare år har bygget fått eit tilbygg med fasilitetar tilrettelagt for drama, musikk, kunst og handverk. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Avdeling for kulturfag held til her.