«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Avdelingar ved Høgskulen i Volda

Avdeling for kulturfag

organiserer det største fagmiljøet innafor kultur- og idrettsfag utanom storbyane i Noreg. Avdelinga har seks bachelorprogram, faglærarutdanning, ni årsstudium og fleire vidareutdanningar, nettstudium og halvårsstudium. Hovudområda er drama og teater, musikk, medie- og kommunikasjonsteknologi, idrett/friluftsliv og formgiving, kunst og handverk. Avdelinga samarbeider tett med Møre og Romsdal fylkeskommune om kulturformidling og kulturproduksjon gjennom Seanse, senter for kunstproduksjon. Med bakgrunn i samarbeidet mellom barnefagleg og kunstfagleg kompetanse får kunstnarar her utvikle produksjonar til Den kulturelle skulesekken. Avdelinga er med i eit eige internasjonalt utviklingsprogram innan kulturfag i samarbeid med universitet i Tyrkia, Storbritannia, Baltikum m.m. og har stor internasjonal utveksling av studentar.

Avdeling for mediefag

har fagleg ansvar for mediekunnskap, journalistikk, PR og kommunikasjon, dokumentarfilm og animasjon og har eit betydeleg fagmiljø innan feltet i Noreg. I tillegg til eit stort strategisk høgskuleprogram finansiert av forskingsrådet, har avdelinga stor ekstern finansiering av forskings- og utviklingsverksemd finansiert av m.a. Fritt ord, medieforskingsfondet og medieføretak. Produksjonar frå fagfolk og studentar har vunne mange internasjonale og nasjonale prisar innan dokumentarfilm, animasjon m.m. og fleire føretak er etablert med utgangspunkt i miljøet. Avdelinga har stor internasjonal aktivitet og samarbeid med fagmiljø i Japan, Kina, India og dei fleste europeiske land. Avdelinga har potensiale for stor auke i konferansar og kurs, med dei ringverknadene dette gir. Med tilstrekkelege ressursar har avdelinga potensial til vidare utvikling og samarbeid om nasjonal og internasjonal medieforsking og profesjonsretta medieundervisning.

Avdeling for samfunnsfag og historie

har ansvar for utdanningar i sosialt arbeid, samfunnsplanlegging og leiing og historie. Avdelinga har eit sterkt fagmiljø med 10 professorar og to-tredelar av dei fagtilsette har minst førstekompetanse.Avdelinga har ansvar for masterutdanningar i sosialt arbeid, samfunnsplanlegging og leiing og delansvar for master i kulturmøte. Alle institutta ved avdelinga har stor forskings- og utviklingsverksemd, m.a. i samarbeid med Møreforsking Volda, og eit relativt omfattande internasjonalt utdanningssamarbeid. Fagpersonale arbeider med aktuelle tema knytt til planlegging, omstilling og utvikling i offentleg sektor, profesjonsutøving og kvalifisering og arbeid med regionale og næringshistoriske problemstillingar. Døme på aktuelle tema er profesjonsrekruttering, klimaplanlegging, kommunikativt folkehelsearbeid, rusproblem, sosialt arbeid, aktiv omsorg. Vestlandshistorie, fiskerihistorie. Avdelinga har eit strategisk høgskuleprogram i historie, vi har søkt om eit tilsvarande program i profesjonsforsking og avdelinga deltar i høgskulens stipendiatprogram for profesjonsforsking. Avdelinga har eit nært samarbeid med Senter for profesjonsstudier ved Høgskulen i Oslo, og dette samarbeidet har, samla sett, fagleg potensiale til å bli eit leiande kompetansemiljø i norsk og nordisk samanheng.

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

har ansvar for lærarutdanningane (allmenn, førskule, ppu) og fagområda norsk, engelsk, pedagogikk, matematikk, naturfag, mat og helse og religionsfag. Avdelinga har ansvar for masterutdanning i spesialpedagogikk, masterutdanning i nynorsk skriftkultur, delansvar for master i kulturmøte, og har bachelorgrad i språk og litteratur samt fleire års- og fordjupingsstudium.

Avdelinga er den største i tal studentar og fagfolk og har stor aktivitet innan grunnutdanning, etterutdanning og vidareutdanning av lærarar for grunnskule og vidaregåande skule. Avdelinga har høg forskingsaktivitet og fleire store forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet spesielt knytt til utdanningsforsking.

Høgskulen har etablert eit eige forskingsprogram innan fagdidaktikk med heile 7 stipendiatar, og er frå 01.01.2013 administrativt ansvarleg for Forskingssenter for skriftkultur (tidlegare Ivar Aasen-instituttet).