«Kunnskap for framtida»

Institutt for sosialfag

Ved instituttet utdannar vi mellom anna barnevernspedagogar og sosionomar. I tillegg tilbyr instituttet m.a. mastergradsstudium i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering, og ulike vidareutdanningstilbod. Hausten 2015 er det også oppstart av Phd.-utdanning i Helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. 

sosionom.jpg

Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet. Dei er tilsette i ulike delar av offentleg forvalting, helse,- og kulturføretak og i  private og humanitære organisasjonar. Ein må ha eit sterkt engasjement for andre, men samtidig skal ein vere ein profesjonell fagperson som andre må kunne stole på. Respekt og integritet er såleis viktige verdiar for desse yrkesgruppene.

Sosialfaglege utdanningar er alltid aktuelle, og ein vil få mange utfordringar undervegs. I studia vert det lagt vekt på å knyte den teoretiske og den praktiske kunnskapen saman med etiske utfordringar. Studiet har fleire praksisformer. Sentralt i studiet står også klientretta praksis, der studentar eitt semester er ute i feltet  og får lære og praktisere ulike ulike arbeidsmåtar som profesjonelle yrkesutøvarar. Institutt for sosialfag har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar og organisasjonar i m.a. India, Kenya og i Vermont og på Hawaii i USA. Det er såleis høve til utveksling eit semester ved annan utdanningsinstitusjon eller ha praksisstudiet sitt utanlands.

Tilsette ved Institutt for sosialfag har høg kompetanse og er aktive i forsking på sentrale område for yrkesfeltet, m.a. sårbar ungdom, barnevern profesjonsforsking.

Institutt for sosialfag tilbyr følgjande utdanningar:

Vidareutdanningar på bachelornivå:

  • Aktiv omsorg
  • Saksbehandling og tjenesteyting i helse- og omsorgstjenesten
  • Introduction to the contemporary welfare state

Vidareutdanningar på masternivå:

NYHEITER OM HELSE- OG SOSIALFAG

bim_220.jpg

– Kunnskap det er stort behov for

Høgskulen i Volda vidarefører den dagsaktuelle vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv saman med Høgskolen i Innlandet.

kvalsund_220.jpg

Kvalsund utnemnt til æresmedlem i internasjonal forskingsorganisasjon

Etter å ha lagt ned mykje arbeid for European Educational Research Association gjennom 20 år, er professor ved Høgskulen i Volda, Rune Kvalsund, utnemnt til æresmedlem i forskingsorganisasjonen.

hfag_220.jpg

Får etterspurd helsekompetanse i ny vidareutdanning

Etter å ha vore ute i arbeidslivet ei lita stund merka sosionomane at dei trengde meir kompetanse i jobben sin. Det får dei no gjennom den nyoppstarta utdanninga Helsefag for sosialarbeidarar.

Barnevern_migrasjon_220.jpg

Barnevernsstudium med minoritetsperspektiv

– Barnevernstenesta i regionen har eit stort behov meir kompetanse i møte med minoritetsbarn, seier barnevernssjef Brynhild Solvang. No har ni av hennar medarbeidarar teke eksamen i masteremnet «Barnevern i et minoritetsperspektiv» ved Høgskulen i Volda.

Helse_220.jpg

Planlegging for helsefremmande samfunn

Høgskulen i Volda tilbyr studiet Helse og omsorg i plan. Utgangspunktet for studiet er behovet for i større grad å legge vekt på samanhengen mellom planlegging og helse, og på kva som skal til for at ulike tenester og sektorar skal bidra til ei helsefremmande samfunnsutvikling.