«Kunnskap for framtida»

Velkomen til Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag

Dette instituttet er sett saman av det som før var Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag og låg under Avdeling for lærarutdanning.

Du vil på våre sider her kunne finne informasjon delt inn i tre hovudgrupper. Desse er grunnutdanning/bachelorprogrammet, lærarutdanningsfag og mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.

Innanfor bachelorgrada vår i planlegging og administrasjon så ligg fokuset på lokalsamfunnsutvikling og tilhøvet mellom lokalsamfunn, region og storsamfunn, og korleis vi kan påverke samfunnsutviklinga i ei verd i rask endring.

Nyleg vart Volda kåra til ein av Noreg sine beste studieplassar på grunn av studentmiljøet. Klikk her for å sjå filmar om Volda som studiestad.

Ta kontakt for nærare informasjon:
For informasjon om planlegging og administrasjon ta kontakt med:

Studiekoordinator Ann-Iren Høgalmen | 70 07 51 37 | aih@hivolda.no
Studieprogramansvarleg Grethe Mattland Olsen | 70 07 51 82 | gmo@hivolda.no

For informasjon om undervisningsretta samfunnsfag ta kontakt med:
Dosent Odd Ragnar Hunnes | 70 07 52 96 | orh@hivolda.no