«Kunnskap for framtida»

Lærarutdanningsfag

Innanfor lærarutdanningsfaga kan vi tilby desse emna:

Skuleretta samfunnsfag: Innanfor samfunnsfagtilboda våre skal studentane få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studia skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv. 

Barnehageretta samfunnsfag: Innan barnehagelærarutdanninga møter studentane samfunnsdag gjennom dei obligatoriske emna "Samfunn, religion og etikk" og "Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid". I tillegg kan studentane i utdanninga velge å skrive bacheloroppgåva knytt til samfunnsfaglege tema. 

Les meir i studiekatalogen. 

Ønsker du søknadsskjema eller har du andre studieadministrative spørsmål kan du kontakte vårt sørvistorg. Har du spørsmål ang. desse tilboda våre så ta kontakt med
høgskulelektor
Nils Gunnar Magerøy | 7007 5163 | nmm@hivolda.no