«Kompetanse for framtida»

Studietur til Roma i vårsemesteret

Historisk institutt arrangerer kvart vårsemester ein studietur til Roma. Turen går over ei veke og er kopla til studieemnet HI100 Historisk innføringsemne. Den har plass til 20 studentar. Dersom det ikkje melder seg nok deltakarar frå HI100-emnet får studentar på andre historieemne i vårsemesteret høve til å delta.

Frå omvisninga på Forum 2016. Foto: Arnfinn Kjelland

Studentane som blir med betalar sjølv reise, opphald og interntransport i byen (buss, trikk, metro). Instituttet dekker kostnader ved inngang til bygningar og minnesmerke som inngår i programmet og transport på ev. dagsekskursjon ut av byen. Vi honorerer òg fagpersonar med spesialkompetanse på nokre av studieobjekta.

Programmet startar normalt om ettermiddagen søndag 14 dagar før Palmesøndag og varer til og med torsdag samen veka. Fredag er heimreisedag. Deltakarane kan kople til ekstradagar før eller etter programmet. Instituttet tilrår at det blir gjort i forkant; erfaringane viser at ein har best utbytte av å orientere seg litt i byen før dei organiserte aktivitetane startar.

Instituttet samarbeider med sentrale fagpersonar frå John Cabot-universitetet i Roma om faglege programmet. Det består i grove trekk av følgjande:

  • Fleire spaserturar rundt om i Roma sentrum der vi ser på og plasserer sentrale minnesmerke og objekt (utgravingar, palass, kyrkjer m.v.) i sin historiske kontekst.
  • Ei økt på Forum Romanum og Palatinhøgda med ein fagperson frå John Cabot
  • Ein spasertur langs Via Appia Antica (oldtidsvegen sørover frå Roma) med besøk i katakombar.
  • Besøk i Vatikanet, Peterskyrkja og Castel St. Angelo.
  • Ein utgåande dagstur der vi tidlegare har dratt til Pompeii og Firenze, dels med fagperson frå John Cabot.
  • Ein halvdagstur til hamnebyen til det antikke Roma, Ostia Antica med fagperson frå John Cabot.
  • Besøk med omvising på John Cabot-universitetet (Høgskulen har utvekslingsavtale) og etterfølgjande fellesmiddag betalt av instituttet.

Kvilepause ved Via Appia Antica. Foto: Arnfinn Kjelland

Detaljane i programmet blir bestemt i samråd med John Cabot-universitetet i løpet av haustsemesteret. Studentane får kome med synspunkt.

På ein del av aktivitetane er det deltakarane sjølve som presenterer stader og minnesmerke. Dette inngår som eit arbeidskrav og element i eksamensmappa i emnet HI100.

Reportasje frå turen våren 2016.