«Kunnskap for framtida»

Er du interessert i historie som nett-/deltidsstudent?

Kompetansegjevande nettstudier studieåret 2016-2017:

Historie  2 x 15 stp nettstudium - søknadskode heiltid 4026 (gje studierett i to semester)

Studiet skal innehalde to av dei tre oversynsemna etter eige val.Les om desse emna i emnetabellen, sjå i lenkja til studieplanen nedanfor.

Studieplan for 2016-17.

Historie 4 x 15 stp nettstudium - søknadskode heiltid 4125 og

Historie 4 x 15 stp nettstudium - søknadskode deltid 4126

Alle tre oversynsemna inngår i desse to studia. Heiltidsstudenten gjennomfører to emne pr. semester, medan deltidsstudenten gjennomfører eittLes om desse emna i emnetabellen, sjå i lenkja til studieplanen nedanfor.  Vidare vel studenten eit valfritt emne. I studieåret 2016-2017 er dette:

Studieplanen for 2016-17 (heiltid).
Studieplanen for 2016-17 (deltid).

Vi kan og tilby fordjupningsstudium som nettstudium:

Historie fordjupning (30 stp.) søknadskode 4226

Dette studiet har opptak av både nettstudentar og lokale studentar. Vi tilbyr to fordjupingsemne pr. semester der minst eit av dei har tilbod med forelesingar. Det må melde seg minimum 8 studentar til forelesing, for at vi køyrer dette tilbodet. Alle dei fire emna som er nemnd under valfrie emne i studiet Historie 4x15 nettstudium, går på nett i dei oppsette semestra. Nettstudentar kan velje mellom alle fire.

Studieplanen for 2016-17.

Slektsgransking som Mooc-kurs

I studieåret 2015-16 hadde vi som ei prøveordning, lagt om frå eit ordinært studium til eit såkalla MOOC-tilbod. Mest sannsynleg vil del 1 av studiet gå som ordinært studium våren 2017.

Les meir om studiet. 

Korleis søkje?

Kvart enkelt studium er lenka til studiekatalogen på nett (klikk på studiet). Her kan du gå vidare til Søknadsweb ved å klikke på boksen Søk.

Opptakskrav alle: generell studiekompetanse eller realkompetanse.

For alle nettstudia våre er den lokale Søknadsweb (lokalt opptak) open for søking fra 1. februar 2016 med studiestart hausten 2016. Det vert gjennomført løpande opptak til studia er fullteikna.

Viktig ved oppstart:

  1. Betale semesteravgifta! Du finn informasjon om betaling i Studentweb.
  2. Set deg inn i kva emne som går i kva semester og kva emne du bør velje i høve studieplanen. Skal du gjennomføre eitt eller to emne i semesteret?
  3. Den praktiske informasjonen om oppstart fortel når emna startar, kva du bør starte å lese osv.
  4. Gjennomføre oppstartsprosedyren slik det er  informert om. Merk deg det vi nemde ovanfor om registrering på emne i Studentweb.  Passord og brukarnamn for pålogging får du ved oppretting av brukarkonto. Les om dette her.
  5. Du må setje deg inn i systemet for mappeevaluering.
  6. Emnerommet i Fronter for kvart enkelt emne, finn du lenke til øvst på MinDagens (første-sida) i Fronter. På emneromma vil Historisk institutt legge ut informasjon, diverse planar, studiespørsmål, oppgåver osv. Her skal alle arbeidskrava og eksamensoppgåvene leverast.
  7. Set deg nøye inn i semesterplanen med alle tidsfristane for innleveringar etc. I tyngdepunktsplanen vil du finne kva du bør lese til ei kvar tid.
  8. Pensumlista vert tilgjengeleg i emneplanen frå 1. juli 2016.

OBS! Særleg ved starten på haustsemesteret er det travelt, og viktig at du sjølv følgjer opp og tek kontakt tidlegast muleg.

Nærare informasjon:

Førsteamanuensis Harald E. Tafjord | 70 07 50 74 | haraldt@hivolda.no

Studiekoordinator Grete Marry Brøste | 70 07 51 76 | gmb@hivolda.no