«Kunnskap for framtida»

Om nettstudia i historie ved Høgskulen i Volda

Arbeidskrav og vurderingsformer
Historisk Institutt har tre nettbaserte emne for nettstudentar. Desse emna tek for seg norsk og internasjonal oversynshistorie frå ca 300-talet og fram til i dag, og er fordelt slik:

Pensum er det same som i dei tilsvarande emna som blir tilbode lokalt i Volda, men både arbeidskrava og vurderingsforma er lagt opp slik at emna kan gjennomførast i si heilheit som nettstudium.

For å kunne ta desse emna må du søkje og få opptak på eit av desse studieprogramma som du kan lese om her.

Alle tre emna har desse arbeidskrava (henta frå emneplanen for 2016-17) :

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal vere på minst 2500 ord og blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tek utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, heimeeksamen, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamensdel 1 må gjennomførast i same semester.

Alle tre emna har og same vurderingsform (henta frå emneplanen): 
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av:

a) ei individuell oppgåve på 3000 - 3500 ord (endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. punkt 1 under arbeidskrav) og

b) ein heimeeksamen over fire timar.

Oppgåva tel 60 % og heimeeksamen 40 % av endeleg karakter. Det blir gjeve bokstavkarakterar. Begge eksamensdelane skal leverast elektronisk i Fronter.

Det fjerde emnet er valfritt
I studiet Historie 4 x 15 stp nettstudium skal studentane i tillegg velje eit fjerde emne. Ein må lese om dei forskjellige arbeidskrava og vurderingsformene i dei enkelte emneplanane.

Nærare informasjon:

Førsteamanuensis Harald E. Tafjord, tlf.: 70 07 50 74, e-post: haraldt@hivolda.no

Studiekoordinator Grete Marry Brøste, tlf.: 70 07 51 76, e-post gmb@hivolda.no