«Kunnskap for framtida»

Informasjon om fleirvalsprøver på HI111N, HI112N og HI113N for studieåret 2016-17

 

Generelt om fleirvalsprøver

Som det går fram av studieplanane for emna HI111N, HI112N og HI113N, må alle studentar gjennomføre to fleirvalsprøver (også kalla «multiple choice-prøver») per emne som arbeidskrav i § 4.7. Dei to prøvene er knytt til kvar sin tilnærma halvdel av emna.

Sidan prøvene er arbeidskrav vert dei evaluert til «godkjent» eventuelt "ikkje godkjent" av faglærar. Som alle arbeidskrav, har desse og to forsøk.

Tidspunkt for første og andre fleirvalsprøve går fram av semesterplanen for kvart emne.

Den første fleirvalsprøva i eit semester vil normalt innehalde spørsmål frå dei fem første tyngdepunkta i emnet, medan den andre vil ha spørsmål frå dei seks siste (inkl. metodetyngdepunktet).

Sjå elles forklaring av nokre ord og uttrykk.

Kva er ein fleirvalsprøve?

Det er ein prøve der kvart spørsmål har to ledd: a) eit spørsmål og b) ei liste med fleire svar­alternativ, der eitt eller fleire av alternativa er rette. Nokre spørsmål kan altså ha fleire rette svar.

Ein får plusspoeng om ein svarer rett, minuspoeng eller ikkje poeng om ein svarer galt og ein samla poengsum når prøva er gjennomført.

Kor mange spørsmål dei enkelte prøvene vil innehalde, kan variere frå emne til emne og semester til semester og vil gå fram av informasjon på emnerommet i Fronter.

Spørsmåla

vil normalt vere av to typar:

  1. Nokre vil ha runde knappar (s.k. radioknappar). Her kan ein berre krysse av på éitt alternativ. Rett svar kan t.d. gi 2 poeng, feil svar ingen.
  2. Andre vil ha firkanta boksar (avkryssingsboksar). Her kan ein krysse av så mange (eller få) ein vil. Her vil det t.d. stå: «Sett kryss ved dei påstandane du meiner er rette (lat vere å krysse av dei du meiner er feil)». Her vil ein t.d. få eitt plusspoeng dersom ein kryssar av rett, og minus eitt poeng dersom ein kryssar feil.

Fleire lærarar har samarbeidd om tilrettelegginga av fleirvalsprøvene. Nokre nyttar bokmål, andre nynorsk og den ulike bruken av målform er vanlegvis reflektert i oppgåvesettet. Ein kan altså finne begge målformer nytta skiftevis.

Døme på avkryssingsoppgåve (frå HI112)

Eitt døme på ei avkryssingsoppgåve i emnet HI112 kan vere:

Hovudprinsipp knytt til ein merkantilistisk politikk er (sett kryss ved dei alternativa du meiner er rette):

  • Størst mogeleg grad av sjølvforsyning innanfor rikets grenser
  • Høg toll på utanlandske varer som kan konkurrere med dei innanlandske
  • Hovudvekt på råstoffproduksjon (ikkje ferdigvarer) innanlands
  • Halde folketalet mest mogeleg stabilt

Her er dei to første alternativa rette. Dersom ein kryssar av på begge desse kan ein få til saman 2 poeng. Dei to siste er feil og gjev kvar for seg minus eitt poeng viss ein har markert dei.

Vi kan dessverre ikkje gi opp dei rette svara i etterkant av desse prøvene. Men det er sjølvsagt fullt høve til å drøfte spørsmåla og svara / løysingane på dei i forum i etterkant.

Gjennomføring

Prøvene ligg i Fronter og blir opna for gjennomføring på den datoen og den tidsperioden (normalt frå kl. 18 til kl. 19) som står i semesterplanen for kvart emne. Dei vil altså vere opne for gjennomføring i ein time dersom ikkje annan beskjed er gjeve.

Studiekoordinator og / eller faglærar vil vere tilgjengeleg per mobiltelefon i gjennomføringsperioden. Nærare detaljar blir gitt i melding på emnerommet i Fronter.

Ny gjennomføring blir kunngjort berre dersom det er nokon som får «ikkje godkjent» på første forsøk. Det same gjeld dersom det er nokon som ikkje gjennomfører første forsøk; da blir det sett opp ein ny prøve, men det blir òg einaste forsøk for dei som ikkje har gjennomført den prøven som står i semesterplanen.

Grense for «ikkje godkjent»

Ein prøve kan t.d. gje maks pluss 40 poeng viss alle svara er rette, og minus 20 poeng viss alt er galt. Det gir eit poengspenn på 60 poeng og nedre grense for å få godkjent på arbeidskravet kan t.d. vere sett til 20 poeng. Men ligg ein i grenseland kan faglærar vurdere svara på enkeltspørsmål; feil på eit lett spørsmål kan vege tyngre enn på eit vanskeleg.

Grensa for godkjent blir vanlegvis opplyst av faglærar eller studiekoordinator på emne­rommet i Fronter i etterkant av gjennomføringa. Dei som ev. får «ikkje godkjent» får i alle fall epost (til hivolda.no-adressa) med beskjed om tidspunkt for neste (siste) forsøk. Tidspunktet blir òg kunngjort i Fronter.

Hensikt

Desse prøvene kan verke stressande særleg første gongen. Det er ikkje hensikta, men det skal sikre oss at dei studentane som ikkje følgjer undervisninga har arbeidd med heile pensumstoffet på annan måte.

Spørsmåla er nokså detaljerte og er tekne frå heile pensum. Ein må altså lese pensumlitteraturen skal ein vere trygg på å kunne svare rett på tilstrekkeleg mange spørsmål til å få «godkjent» på desse arbeidskrava.

Nærare informasjon:

Studiekoordinator Grete Marry Brøste, tlf.: 70 07 51 76, e-post gmb@hivolda.no