«Kunnskap for framtida»

Bachelor i historie


Historiestudentar på ekskursjon til Roma og Colloseum, mars 2012. Foto: Arnfinn Kjelland.

Ved Høgskulen i Volda kan du ta eit treårig studium som fører fram til bachelorgrad i historie (180 studiepoeng). Innanfor denne graden får du:

  • 15 studiepoeng innføringsemne delt i 5 studiepoeng innføring i humanistisk vitskapstradisjon og 10 studiepoeng skriving av sjølvvald oppgåve om eit gjeve historiefagleg tema (HI100)
  • 45 studiepoeng norsk og internasjonal oversynshistorie på grunnivå frå tidleg mellomalder til i dag (HI111, HI112 og HI113)
  • 30 studiepoeng teoriemne på fordjupingsnivå (emne med kode på 200-talet)
  • 15 studiepoeng i form av ei avsluttande historiefagleg oppgåve (bacheloroppgåve) på fordjupingsnivå, skrive med rettleiing frå ein faglærar

Dette utgjer til saman 105 av dei 180 studiepoenga. Dei resterande 75 studiepoenga kan veljast fritt blant andre historiefaglege emne i Volda, andre fagemne i Volda, eller ved andre institusjonar innan- eller utanlands.

Det er likevel lurt å sikte seg inn på eit yrkesfelt når du vel fag til den frie delen av graden. Nedanfor har vi lista opp nokre forslag.

Studieløp (progresjon) - første året

Innanfor studiet er det første året fast. I haustsemesteret startar du med to emne i norsk og internasjonal oversynshistorie før ca 1870. Dei har kode HI111 og HI112 og har førelesingar og seminar på campus. I vårsemesteret skal du gjennomføre innføringsemnet (HI100) og eitt emne i moderne norsk og internasjonal oversynshistorie (perioden ca 1870 til 2000-talet, HI113).

I innføringsemnet ligg det ein studietur til Roma. Den vil normalt bli gjennomført kring påske.

Om du er usikker på om du vil ta eit fullt bachelorstudium, kan du velje å starte på årsstudiet i historie om hausten og skifte til bachelorstudiet ved overgangen til påfølgjande vårsemester utan å tape tid eller studiepoeng.

Studieløp (progresjon) - andre og tredje året

I dei to neste studieåra har du stor fridom til sjølv å legge opp løpet. Er du i tvil, bør du ta kontakt med instituttet for rådgjeving tidleg første studieår.

Når første året er omme, står det att av obligatoriske emne: a) to teoriemne på fordjupings- / 200-nivå, der du kan velje mellom dei emna som er lista opp i emnetabellen, og b) bacheloroppgåva, som du må knyte til eitt av dei to fordjupingsemna du har teke. Til saman utgjer dette 45 studiepoeng, som du bør legge inn i utdanningsplanen din så snart du har bestemt deg. Legg merke til at enkelte emne på 200-nivået berre har tilbod på nett og ikkje kvart semester.

Det står endå att 75 frie studiepoeng som du må legge inn i planen for desse to åra.

Viss du ser for deg å kombinere historie med eit anna årsstudium, kan det gjerast på to måtar: a) du tek det andre faget på heiltid andre studieåret, og kjem attende og tek resten av dei historiefaglege emna siste studieåret, eller b) du fordeler det andre faget over begge dei to siste studieåra parallelt med historiefaglege (og evt. andre) emne.

 

Slik:

Første studieår

Andre studieår

Tredje studieår

Haust:

HI111

HI112

Vår:

HI100

HI113

Anna årsstudium

Haust:

To HI200-emne

Vår:

Bachelor­oppgåve og fritt emne

         

eller:

Første studieår

Andre studieår

Tredje studieår

Haust:

HI111

HI112

Vår:

HI100

HI113

Haust: 200-emne i historie

Vår: 200-emne i historie

Haust: fritt emne

Vår:

Bachelor­oppgåve

Haust: Eitt emne frå anna årsstudium

Vårt: Eitt emne frå anna årsstudium

Haust: Eitt emne frå anna årsstudium

Vår: Eitt emne frå anna årsstudium

 

Viss du tek sikte på læraryrket må du velje eit årsstudium som må vere eit anna skulefag enn historie eller samfunnskunnskap. Ved Høgskulen i Volda kan det vere: Norsk (nordisk), Engelsk, Religion, livssyn og etikk (RLE) og ei lang rad andre.

Viss du tek sikte på andre yrkesvegar kan du setje saman dei siste 75 studiepoenga friare. Ta kontakt med instituttet for å få råd.

Er du interessert i mediebransjen? Så kan HI201 (globalhistorie) og evt. emner frå årsstudiet i mediekunnskap, vere eit alternativ.

Mange historikarar går inn i administrative stillingar både i ABM-sektoren og andre greiner av offentleg forvaltning, t.d. kommunale kulturkontor og innan friviljug sektor. Viss det er interessant, kan du kombinere med fleire emne frå studia i samfunnsplanlegging ved HVO.

I alle fall har du første studieåret til å tenke deg om på, før du treng bestemme deg!

Dersom du etter bachelorgraden i historie kan tenkje deg å studere vidare på masterprogrammet «Kulturmøte» ved HVO, er det lurt å sjå på 200-emna HI202 og HI208. Begge desse gjev nyttig bakgrunnskunnskap for fagemna KUM305 (Brennpunkt Midtausten) og KUM304 (Al-Andalus) på masterprogrammet.


Få eit innblikk i kva studentane sjølve fortel om studia. 


Lenke til studieplanen med emnetabellar
Kvar og korleis søkje på studiet?

 



Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post