«Kunnskap for framtida»

Emeritusordningar ved ASH

Personale som pensjonerer seg representerer ein stor ressurs for ASH. Mange har både god helse og motivasjon, og høg kompetanse avdelinga kan ha god nytte av vidare.

Den faglege interessa går sjeldan ut på dato ved pensjonering, og det er gjerne i både den enkelte og avdelinga si interesse å fullføre arbeid som har vore i gang. Dette kan gjelde både arbeid knytt til undervisning og FoU.
Ettersom me er inne i eit generasjonsskifte vil det også vere nyttig å bruke den røynsla dei erfarne har i opplæringa av dei nye som kjem inn – uavhengig av om «mentor» har pensjonert seg.

Ved pensjonering kan det med ei eller fleire avdelingar inngåast to ulike typer avtalar om tilknyting til HVO vidare:

  1. - Ordning som inkluderer pensjonistkontor
  2. - Ordning med tilgang til høgskulen sine tenester, kopi/print (same som 1, men UTAN kontor)

Det er eit krav til motyting frå den enkelte.  Omfanget på denne er målt i kronesum pr år. For 2016 er motyting for punkt 1 sett til kr. 35 000 pr. år. (Til samanlikning er berekna kostnad for ein stipendiat med kontor og anna infrastruktur berekna til kr. 170 000 pr. år).

For punkt 2 er krav til motyting rekna til kr. 6000 pr. år. Avtalane går normalt for 1 år om gongen, og må deretter fornyast om dei skal vare lenger. I berekninga av timepris vert internsatsen ved HVO nytta f.t. på kr 550 pr. time.

Høgskulen sine tenester er avgrensa til det som naturleg følgjer av arbeidsoppgåvene ein har teke på seg, og naturlegvis avgrensa mot privat næringsverksemd. Avtalane føreset semje om innhaldet mellom avdeling (fagmiljø) og den enkelte, og det er avdelingane som både betalar for kostnadane og får godskrive inntektene.

Ordninga med kontor føreset ledig kontorkapasitet.
Ordningane slik dei er utforma no, er synt under, og henta frå HVO sine heimesider