«Kunnskap for framtida»

- Dei to finaste åra i mitt liv

Thomas Numme
Studerte: Radiojournalistikk
Jobbar som programleiar i TV 2 

Numme fortel at han hadde det utmerket då han studerte ved Høgskulen i Volda.
- Det var då eg budde her eg møtte kona mi og dei beste venene mine. Volda-studiet var det luraste eg har gjort i heile mitt liv, slår han fast.

Sjølv om Numme i dag er kjent som eit tv-fjes, studerte han radiojournalistikk i Volda.  

- Kvifor valde du studiestaden Volda?
- Det var berre flaks. Eg rørte rundt på Blindern ei stund, utan større mål og meining, før eg hamna i Volda. På førehand hadde eg berre høyrt at studentmiljøet var så bra, seier Numme.

Han fortel at han var ein typisk skippertaksstudent, som var flink når han måtte, men at han elles brukte mykje av tida til å bli kjent med nye menneske.

Lærte mykje i Volda
Thomas Numme er mest kjend for programleiarjobben i Senkveld på TV 2. Karrieren starta han midlartidleg i radio, før han tok vegen til Barne-TV og ungdomsprogrammet Trigger på NRK.

- Har du hatt nytte av det du lærte i Volda?
- Veldig! utbryt han. I Volda lærte vi "the hard way". Eg var så nervøs før sendingane. Men her­­ måtte vi berre hoppe i det, og det er det ein lærar av.

Den tidlegare radiostudenten fortel lattermildt korleis han ein gong hadde jobba i mange timar med å forberede eit to minuttars innslag. Det han hadde gløymd, var å finne stoff til å fylle dei 52 minutta som var igjen av sendinga.
- Eg hadde berre lyst til å finne ein spade og grave meg ned, humrar Numme.

Anbefaler Volda som studiested
Numme fortel velvillig om festane på det gamle studenthuset Kroa. Likevel er det kanskje dei livlege historiene om lærarane, dei utfordrande skuleoppgåvene og dei hjelpsame medstudentane han husker best.

- Når eg får spørsmål om karriere, er eg ikkje i tvil. Eg anbefaler alltid Høgskulen i Volda som studiestad. Definitivt! Seier han utan å nøle.

- Er det noko du vil seie til studentar som vurderer å kome til Volda?
- Søk med ein gong! Eg har ikkje angra ein dag på mitt studievalg. Her i Volda lærte eg veldig mykje.

Tekst og bilete: Tone Sørensen og Ina Helen Østby.