«Kunnskap for framtida»

- Utnytt daudtida!


Øyvind Holen
Uteksaminert: 1996
Studerte: Journalistikk

Det er faktisk mogleg å blidgjere sjefen samtidig som ein lærar seg noko nytt, seier tidlegare Voldastudent, D2-Journalist Øyvind Holen.

Øyvind Holen gjekk journalistlinja ved Høgskulen i Volda mellom 1994 og 1996. Tidlegare har Holen jobba i blant anna Bergens Tidende, Dagsavisen, Klassekampen, Aftenposten, VG og Ny Tid. No jobbar han som journalist i Dagens Næringsliv fredagsbilag D2. Holen har ein alltid oppdatert blogg, og hans populære spalte ”Jævla Bra Byline” er ein klassikar også utover pressekretsen. I tråd med eigne råd, som du snart kan lese, hadde Holen tid til NJVolda når han likevel venta på ein telefon frå filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen.

- Treige kjelder kan også vere din ven, gjer noko anna imens.

- Kvifor valde du journalistikk i Volda?
Volda valde nok meg. Eg søkte på journalistutdanning rett etter vidaregåande, men det gjekk jo ikkje. Så eg samla praktisk erfaring for å slepp inn på den kvoten, og i 1994 – då eg var 21 år gammal – slapp Volda meg gjennom nålauge. Dei hadde nok ein noko rundhanda måte å rekne praksispoeng på, for på dei andre journalistlinjene hamna eg langt bak i køen. Men Volda passa bra, familien min på farssida stamma frå nabobygde Ørsta og eg innbiller meg at det var langt trivlegare å studere langt frå storbyens mas, kjas og spisse olbogar.

- Korleis enda du opp der du er i dag?
Det er ein lang historie. Eg hadde praksis på nyheitsavdelinga i Aftenposten Aften, men då valet om sommarjobb kom, sto det mellom Rampelys i VG og Oslo nyhet i Aftenposten. VG spurde først, så deretter blei det kulturjournalistikk. Det var jo det som fenga meg mest, og ga meg også lov til å skrive om ting som låg hjarte mitt nært. Likevel kunne eg kjapt blitt nyheitsjournalist. Eg hadde også eit kort opphald i Bergens Tidendes nyheitsredaksjon, men blei leiar for kulturavdelinga i gratisavisa Osloposten. Då var det ingen veg tilbake. Etter at Osloposten gjekk dukken, var det nokon rundar på vikarkarusellen og litt bokskriving, før eg omsider fekk fast jobb – først i Ny Tid i 2006, deretter i D2 året etter.

- Kva for tips vil du gje til ein kommande Volda-journalist?
Skriv. Nytt deg av moglegheiter som opnar seg, og tenk meir på kva du har lyst til å skrive enn kva du til tene. Mange av mine døropnarar har kome som resultat av at eg har skrive om ting eg sjølv er interessert i, og det for liten eller inga betaling. Skriv for studentaviser, gratisaviser, kva som helst eigentleg. Så lenge du sjølv har styringa er all erfaring god erfaring. Du bør også sørgje for alltid å ha nokre idear til sakar du sjølv har lyst til å skrive. Det er ditt absolutt beste våpen mot andre sine dårlege idear.  

- Kva for lærdommar frå studietida har du med deg/brukar du kvar dag på jobb?
Tja, kva skal eg sei? Du kan vel seie at ein lærar seg det journalistiske DNA-et i Volda, eit slags skjelett som du får mykje bruk for si seinare tid. I ettertid har eg derimot skjønt at mykje sneik seg inn under huda utan at eg tenkte så mykje over det. Men, kunnskapen frå Volda er verdt null og niks viss du ikkje brukar den til noko konkret! Det er som å lære eit språk – du må praktisere det.  Eksamen og karakterar frå Volda er uviktig, det er praksistida som er din eksamen. Består du, får du forhåpentlegvis sommarjobb.

- Alle bevis tyder på at du har ein formidabel arbeidskapasitet. Korleis effektiviserer du journalistisk arbeid best?
Med fare for å gjenta meg sjølv: det hjelper å vere interessert i det ein skriv om. Det hjelp også å liggje i forkant. Ha fleire ballar i lufta samtidig og utnytt daudtida til research eller småsaker. Skriv notisar og minisaker. Då blir både sjefen glad og du byggjer deg opp kunnskap. Spar på bandopptak og kladdar. Eg angrar på alt eg ikkje har spart på. Viss redaksjonen plutseleg har ei tom side, er det utruleg kva du kan få på trykk viss du har ein halvvegs ferdig sak liggande i word. Og ikkje bruk så alt for lang tid til å drøvtyggje språket, journalistikk er handverk. Ikkje kunst.

- Kva er ditt beste Volda-minne?
Oi, det er mange! Det var stas å vere bookingsjef for studentfestivalen VEKA. Mange gode festar på det tidlegare studenthuset – Kroa. Men viss eg skal trekke fram eit magisk augeblikk, må det vere dette: etter fest på Kroa var det nachspiel på det legendariske studentkollektivet Solbakken (RIP). Sola står opp, men vi vil fortsette festen. To stykk legg ut på sykkeltur, heim for å hente øl og pølser, syklar ut langs Voldafjorden, grillar, drikk, sovnar – og vaknar opp med tidandes brunfarge rundt lunsj. For øvrig var nachspielet der ei jente fekk lyst til å barbere meg på hovudet var også ein vinnar.


Publisert: Mars 2012
Tekst: Ståle Grut
Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm