«Kunnskap for framtida»

- Karrieren blei servert på sølvfat


Uteksaminert: 2008 
Studerte: Animasjon  
        
Jobbar freelance som animatør og illustratør.

Tidlegare student ved Høgskulen i Volda, Khim Roger Tengesdal er i desse dagar i full jobb med animasjonsserien “Sex og SingelSiv” som akkurat har hatt premiere.

Khim jobbar som animatør og illustratør. Han er freelance, men jobbar mykje for Qvisten animasjon, som er dei største på feltet i Norge. Akkurat no er han art director, og har karakterdesign for  den satiriske animasjonsserien “Sex og SingelSiv“. Ein serie om politikar Siv Jensen, og hennar kamp om statsministerrollen. Dessutan jobbar han med å illustrere ein barnebokserie for Aschehoug, som kommer ut til hausten. Khim fikk sitt gjennombrot då han designa karakterane til serien “Fanthomas“. Serien blei ein stor suksess, og han meiner sjølv han har fått karrieren servert på sølvfat. 

Frykta for fotballen
Khim er ein Bergensgut, som er oppvaksen i forstaden Loddefjord. Han har ei mor som er frå Noreg og ein far som er frå Vietnam.

 – Eg ser nok litt eksotisk ut, men har kanskje heller trekk som minner om ein indianar, heller enn ein asiat. Men eg er sikkert heilt norsk inni, dersom ein kan vere det då.

Sine ungdomsår hadde han på Sotra. Der var det traktor og fotballspeling som gutane fylte tida med, noko som absolutt ikkje var for han.

– Eg var ballredd. Frykta for ballen gjorde at eg måtte velje kunsten, så difor begynte eg på teikning, form og farge på vidaregåande. 

Han har jobba både på Burger King, og som bartender og artist på Bergens homsebar, Finken.

  – Eg blei headhunta frå dansegolvet til å få eit show som dragqueen på Finken. Eg gjorde ein betre Britney Spears enn det ho gjorde sjølv, ler han.

 Han vant også tittelen Mr. Finken i 2001. Han er visst regjerande endå, sidan ingen har blitt det etter den gong. Det var visst ingen som hadde blitt det før han heller.

 

Eksotiske Volda
Det var tilfeldigheiter som gjorde at han hamna på animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda, der han gjekk frå 2006 til 2008. Tipset kom frå ein skulerådgjevar, og han kom først inn andre gong han søkte. Han syntes det å kome til Volda var både interessant og utfordrande, men han innrømmer at det var et kultursjokk. 

 – Det er jo ein liten stad, men eit veldig godt studentmiljø. Ein må jobbe litt for å ha det bra. Det blir det ein gjer det til sjølv. Ein blir ikkje underheldt heile tida, men eg møtte mange likesinna folk. Vi var ein liten klasse på ti stk. Vi var ein eigen liten klikk, som hang mykje saman med kvarandre. Eg trur nok at dei andre studentane såg på oss som ein litt merkeleg gjeng, men det var veldig hyggelige folk altså. Eg har framleis kontakt med mange av dei, og omlag halvparten av klassen jobbar med animasjon i dag.


Få turar i skog og mark
Khim hadde praksisplass i Qisten animasjon, og denne praksisplassen blei til jobb.

– Det var veldig godt å komme ut i jobb og skjønne at ein faktisk hadde lært mykje. Men sjølvsagt lærer ein mykje av å vere ute i arbeidslivet også. Ein har ein utruleg stor fridom som student. Ein kan jobbe med å utforske sitt eige utrykk. Du jobbar for å fremje deg sjølv. Når ein kjem ut i arbeid har ein eit kollektivt ansvar. Dersom ein ikkje klarer fristane sine, er det ikkje berre deg sjølv det går ut over, men både dine kollegaer og kanskje kundane dine. 

Serien “Fanthomas” opna dører for Khim, og han blei introduserte for det norske animasjonsmiljøet. 

– Eg veit eg var utruleg heldig. Det er jo eg som har laga det visuelle utrykket på serien, og den blei jo veldig populær. “Fanthomas” gjorde at arbeidet mitt blei sett, og gav meg mange nye jobbmoglegheiter.
I dag er det ikkje mykje anna enn jobb som gjeld for Khim. Han påstår han har jobba 200% sidan dei starta på “Sex og SingelSiv” i september 2010.

– Har eg noko fritid går det med til øl, trening og søvn. Turar i skog og mark fekk eg nok av i Volda.

 

Blir sveitt av sjåartal og terningkast
Sjølv om det har blitt ein del episodar med dei to animasjonsseriane, er han like nervøs kvar gong ein ny del vert sendt. 

 – Det er skummelt å lage karakterar som er basert på levende folk. Dei kan jo faktisk kritisere meg. Det er jo eg som bestemmer korleis dei skal sjå ut i serien. Men heldigvis har ikkje dette skjedd endå. Eg har mest fått positive tilbakemeldingar. Vi er jo ikkje ute etter å henge ut folk, vi gjer jo ikkje dette for å mobbe nokon. Det skal jo vere ein ære i det å bli parodiert. Dessutan er det jo terningkast og sjåartal kvar veke. Eg blir litt sveitt i panna berre av å tenke på det.

Om framtida seier han at den er spanande uforutsigbar.

 – Draumen er å starte sitt eige byrå eller kollektiv der eg jobbar med få menneskjer som har stor dedikasjon og same visjon som meg, men med forskjellig ekspertise. Eg har jo lyst til å vere min eigen sjef . Dessutan har eg veldig lyst til å lage mine eigne kortfilmar.

Publisert: 8. April 201
Tekst:  Eirik Skarsbø
Foto: Eirik Skarsbø og Qvisten Animation