«Kunnskap for framtida»

- Eg anbefaler alle å begynne i Volda


Espen Graff 
Studerte: Journalistikk
Jobbar som journalist og programleiar for NRK TV-Sporten

Espen Graff har det hektisk som vaktsjef mellom sendingane. Han har alltid hatt interesse for media, og han bestemte seg allereie tidleg på vidaregåande at han skulle til Høgskulen i Volda. Det var eit mål.

– Eg oppfatta det slik at veldig mange av dei som arbeida i NRK, hadde studert ved Høgskulen i Volda.  

Etter å ha studert radio på en folkehøgskule blei Espen student ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i 1991. Dei neste to åra var både lærerike og morosame.

Flott natur - mykje vêr
– Eg blei møtt av litt for mykje regn då eg kom dit, smiler han, men Volda var midt i blinken for meg med sine flotte friluftsmoglegheiter. Folk frå litt større stader får truleg kalde føter av å være i ei lita bygd mellom høge fjell, men det går over.

Samansveisa
– Dei to åra eg var i Volda, budde eg på Porse Studentheim, fortel han og ler litt. Det var veldig koselig,  og eg delte gang med mange hyggelige studentar.

– I Volda blir ein svært godt samansveisa. Det er eit stort pluss når ein samanliknar med større stader. Studentmiljøet er ekstremt bra med mange kreative krefter.             

– Eg anbefaler alle å begynne i Volda, seier Espen. Her blir ein godt rusta til det verkelege arbeidslivet. Vi laga radio døgnet rundt, og fikk utruleg god trening.  Som vaktsjef i NRK merka eg godt at dei tidligare Volda studentane hadde stor kunnskap på området.

Studerte meg Synnøve Svabø
Han har mange gode minner frå studietida og det berømte studentkollektivet på Solbakken. Solbakken er no historie, men for ein del år tilbake var det eit blomstrande kollektiv. Ein ven av Espen budde på Solbakken, og Espen hugsar seine kveldar med raudvin, soloppgang og Neil Young på platespelaren. Synnøve Svabø var også ein av studentane som vanka i kollektivet på Solbakken.

– Synnøve begynte på medielinja året før meg, og sette sitt spesielle preg på studentmiljøet i Volda.

Heftige diskusjonar
– Vi kosa oss mykje på kafeen Det Grøne Treet. Det var spennande tider, og der diskuterte vi fag døgnet rundt. Eg kom til Volda i 1991, og i 1992 kom TV 2 på lufta. Mange diskusjonar dreia seg nettopp om dei mange endringane innan norsk medieverkelegheit på den tida.

Søte jenter og sveler
Den sunnmørske spesialiteten svele var fast lunsj, og den saknar Espen verkeleg.

– Kva med potetball da?

– Nei takk, heller dobbel svele - og mange søte jenter, det er det alltid i Volda, seier Espen.

Hektisk kvardag
Han gjekk frå radio til TV-ruta i 1995, og har utanom programleiar vore både reporter og vaktsjef. Espen har det veldig hektisk i sin kvardag og går frå prosjekt til prosjekt.

– Eg har arbeidd kvar einaste søndag og heilagdag i mai. Eg har sagt i mange år at ting kjem til å roe seg, men det ser ikkje slik ut, seier han. Det hender eg slår på TV og ser kjente frå studietida mi i Volda. Dei er overalt, seier han og ler. 

–  Det er også litt morosamt at nokon av dei eksterne forelesarane vi hadde i Volda, er mine kollegaer i dag, seier han.

Tekst: Christine Rørvik (2004)
Foto: Anne Liv Ekroll, NRK