«Kunnskap for framtida»

Heller spesialist enn generalist


Elisabeth Sørbøe Aarsæther  
         
Uteksaminert i 1993
Studerte: Informasjon og media (Nå PR, kommunikasjon og media)
Jobbar som informasjonsdirektør, Post- og teletilsynet

Elisabeth Sørbøe Aarsæther har hatt fleire jobbar etter at ho var ferdig utdanna. Sjølv om ho valde informasjonsstudiet framfor journalistikk, var journalistikken det viktigaste ho lærde.

Elisabeth var student på det første kullet som gjekk ut frå informasjon og media i 1993. Ho var ikkje fersk student då ho begynte på studiet, men ville vidareutdanne seg så ho kunne få jobbar som ho vanskelig ville fått elles.

- Eg kom eigentleg inn på journalistikk, men eg bestemte meg for å gå informasjonstudiet i staden. Dette gjorde eg fordi eg ville kvalifisere meg for å jobbe innan eit saksfelt i staden for i ein redaksjon, som eg hadde gjort tidlegare år. Eg var difor ute etter å lære meir om kommunikasjonsformer enn om journalistikk, sjølv om journalistfaga faktisk var dei aller nyttigaste timane på studiet.

Elisabeth meiner det er særlig viktig å forstå og bruke kjeldene rett.

- Å kunne gjere vanskeleg materiale tilgjengeleg så folk forstår det, er utruleg viktig for eit fungerande demokrati. Det er målet for offentleg informasjonsarbeid.


Kommunikasjon er viktig

Etter fullførte studiar jobba Elisabeth som lærar på kommunikasjonsdanninga i to år før ho fekk jobb hos Sysselmannen på Svalbard. Der jobba ho i fire år.

- Etter eg hadde vore på Svalbard var eg prosjektleiar i Statens vegvesen. Jobben handla om dødsulykkeførebygging blant ungdom. Den jobben viste verkeleg at kommunikasjonskompetanse er ekstremt viktig, sjølv om stillinga di ikkje heiter noko med informasjon eller kommunikasjon.

I dag jobbar Elisabeth som informasjonsdirektør i Post- og teletilsynet, og der trivst ho godt.

- I jobben har eg ansvar for alle dei typiske oppgåvene, som intern og ekstern kommunikasjon, profilering, media og design.

Elisabeth Sørbøe Aarsæther understreker at det ikkje er berre-berre å få ei toppstilling.

- Ein må ikkje tru at ein kan få leiarstillingar rett etter studia. Utdanninga er berre grunnlaget, og praksis er veldig viktig. Eg vil anbefale alle å bygge stein for stein og verkeleg lære seg handverket kommunikasjon. Så må du jobbe og vere mindre opptatt av ferie enn av å levere. Då får du ei god karriere, seier ho.

 

Publisert: Mars 2011
Tekst: Kristin Sævig
Foto: