«Kunnskap for framtida»

PR, kommunikasjon og media

Kommunikasjon er viktig i alle deler av samfunnet. Ei utdanning innan kommunikasjon og media gir studentane nyttig og etterspurt kompetanse.

Studentane lærer om, og får øving i teoretisk og praktisk kommunikasjonsarbeid, mellom anna gjennom interne og eksterne praksisperioder. I dei interne praksisperiodane får studentane prøvd seg som kommunikasjonsarbeiderar, der nær kontakt med lokale bedrifter og organisasjoner står sentralt. I den eksterne praksisperioden blir studentane utplassert i ulike bedrifter og organisasjonar, noko som er med på å oppretthalde den gode og tette kontakten kommunikasjonsutdanninga har med yrkes- og praksisfeltet.

Det fins mange studentorganisasjonar ved Høgskulen i Volda som kan vere aktuelle for studentar ved kommunikasjonsstudiet. PR-studentane er ein studentorganisasjon som utførar kommunikasjonsoppdrag frå eksterne oppdragsgivarar, og er ein moglegheit for studentane til å få meir praksis i faget utanfor ordinær undervisning. Kommunikasjonsforeningen Volda er og studentdriven, og kvart år arrangerar dei faglege arrangement og føredrag.

Andre studentorganisasjonar som også kan vere aktuelle er studentavisa Peikestokken, Student-TV og Studentradio. Her kan ein få prøve seg i ulike roller i studentmedia ved Høgskulen.

Fleire festivalar og arrangement der det trengs kunnskapar innan kommunikasjon kan vere ein god stad å drive frivilleg arbeid samtidig som ein lærer noko: Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, Ekstremsportfestivalen X2 og VEKA. Også Studenthuset Rokken og Studenttinget (STIV) er døme på dette.

Les meir i studiekatalogen.